Leiar:

FRITT OG FINT: Dei som bur i Midt-Telemark har det fredeleg og fint, men det er ikkje ei sjølvfølge.

– Kven er du viss krigen kjem?

Publisert Sist oppdatert

I fredstid er det lett å kjekke seg og ha store tankar om oss sjølve, men det er når det verkeleg gjeld at me kanskje får ein vekkar. For kven blir me eigentleg når verda slik me kjenner den står på spel, eller i verste fall blir angripe? Blir me angriparar, forsvararar eller meddiltarar? Blir me dei som kjempar eller dei som gøymer seg, eller veit me ikkje heilt kva me skal gjere?

Når ein snakkar om tidlegare tider og verdskrigar, likar me gjerne å identifisere oss med dei som gjorde det rette sett i ettertid, det modige motstandsfolket. Mange har tru på at det er der ein automatisk hamnar når situasjonen strammar seg til. Slik er det dessverre ikkje. Kva som gjer at ein hamnar på den eine eller andre sida kan av og til vere reine tilfeldigheiter, andre gonger ikkje. Og så handlar det litt om kven me er, og kor me står i livet.

I mange år har me i Vesten levd trygt og godt i samfunn og demokrati der medbestemming og grunnleggande menneskerettar er ei sjølvfølge. Dei som var barn rett etter krigen, og deira barn, voks opp i eit veksande sosialdemokrati der fellesskapet stod sterkt, samtidig som fiendebildet i den kalde krigen lurte i bakgrunnen. For dei som har vakse opp dei siste 30 åra har trusselbildet i verda vore fjernt, og dei fleste har nytt godt av stadig aukande velstand, særleg i Noreg. Likevel har forskjellane mellom folk auka og individets rettar har blitt viktigare enn fellesskapet. Pandemien rokka noko ved verdsbildet vårt, og da Ukraina blei angripe og prisane steig, blei uroa større.

Det som nå skjer på andre sida av Atlanteren er enda meir urovekkande. Det er ikkje lenger noko me ikkje kan bry oss om og bare trekkje på skuldrane av. Alt som skjer i hurtigtogsfart i USA er eit stort faresignal, og kan få alvorlege konsekvensar for heile verda og for den fridomen me er vant til - og verdsfreden. Grunnleggane verdiar og sjølve sanninga står på spel, og me ser at stadig fleire lar seg forføre av store ord, truslar og direkte løgn. 

Det er nå det krevst noko av oss viss me vil det annleis. Det er me forplikta til dersom me er opptatt av å ta vare på dei grunnleggjande demokratiske verdiane. Egoisme og mangel på empati aukar i omfang rundt oss, det same gjeld mangelen på forståing for at kloden vår og freden er eit felleseige som me må ta vare på slik at komande generasjonar kan få gode liv. 

Så det er nå det gjeld! 

«Det heiter ikkje: eg – no lenger. Heretter heiter det: vi. » som Halldis Moren Vesaas så klokt har sagt det.

Powered by Labrador CMS