Leiar:

– Me er kravstore og bortskjemte - kan me bidra med meir sjølv?
Nordmenn er født med gullskei i handa, og gjennom fleire tiår har me sitte på ei grøn grein på toppen av Europa og blitt bare rikare og rikare, og så bortskjemte at det nesten er flaut. I alle fall viss me samanliknar oss sjølve med folk som bur i andre land.
Det burde me i grunnen gjere dersom det er vit i oss. Hadde resten av verda levd slik som oss, ville det stått veldig dårleg til med planeten me bur på.
Det er likevel ikkje slik at det at nordmenn har blitt stadig rikare betyr at alle er det. For det er forskjell på folk, og dei forskjellane har blitt større i takt med at levestandarden har auka her i landet.
Gapet mellom fattig og rik har strekt seg i takt med rikdomen som breier om seg blant meiningmann.
Nokon har altfor mykje, og andre har altfor lite til å leve eit godt liv, men jo rikare me blir, jo vanskelegare verkar det å dele med seg.
Verdsøkonomien er nå under sterkt press, og det ristar i grunnvollane i fleire land når tollkrig, børsfall og ein uføreseieleg president i verdas største økonomi køyrer berg-og dalbane kvar einaste dag.
Det skjer stadig noko nytt og me veit ikkje kor me går, eller kva som vil skje med den enkelte sin privatøkonomi i framtida.
At me må tenkje litt meir over dei økonomiske vala me tek og måten me lever på, er nok ei naturleg følgje av det som skjer rundt oss. Kanskje er det til og med sunt for mange av oss som bur i Noreg.
Kor berekraftig er det til dømes at "alle" har hus nummer to på fjellet, to bilar eller huslån som knapt toler ein liten renteauke.
Tør og vil me til dømes stille oss sjølv utfordrande spørsmål om eigen levestandard, og vil me klare å ta eit steg tilbake og leve litt enklare liv?
Og kan me sjå oss sjølve i spegelen og seie at me ikkje er kravstore?
Me nordmenn har blitt ekspertar på å vite kva me har krav på, og har store forventningar til kva samfunnet og det offentlege skal sørgje for.
Mange gjer seg òg til offer og stiller sjeldan spørsmål til kva ein sjølv kan bidra med - både i eige og andre sitt liv. Å utnytte alle mulegheiter og smuttthol i systemet har blitt ein sport for fleire, og det gjeld på fleire område.
Me veit at velferdsmodellen er under press og at det i framtida må endringar til. Kommunane står i spagaten og ein er avhengig av større frivilligheit, men endring kan gjerne starte hos oss sjølve.
Me kan ikkje forvente at andre og det offentlege ordnar opp i liva og alle problema våre i framtida, eller betalar oss ut. Me som kan må sjølv bidra, både med pengar, omsorg og tid.
Det er på tide å spørje "kva kan eg bidra med i lokalsamfunnet" - i staden for å vente på kva samfunnet skal gjere for meg.