SELT: Det gamle kommunehuset på Akkerhaugen er selt. Nye eigarar har store planar for den arkitektoniske perla.
Øystein Akselberg
– Planane for denne eigedomen vil stå seg godt i framtida
Denne veka kom den overraskande nyheita om oppkjøpet av tre større eigedomar i Midt-Telemark kommune. I staden for å satse pengar dei har tent gjennom andre firma i ein usikker aksjemarknad, vel ein lokal familie, far og son, å investere i den lokale eigedomsmarknaden. Saman har dei kjøpt to forretningsbygg i Bø sentrum, samt det gamle og mykje omdiskuterte kommunehuset på Akkerhaugen.