Leiar:

REDAKTØR: Hilde Eika Nesje, ansvarleg redaktør i Bø blad.

– Redaktørstyrte medium som stiller kritiske spørsmål er ikkje yndlingane til maktkåte leiarar

Publisert Sist oppdatert

Angrepet på Noreg den 9. april 1940, på tysk omtalt med kodenamnet Weserübung-Nord, var ei overraskande innvadering utan ei uttalt krigserklæring på førehand. 

Natta mellom 8. og 9. april i 1940 inntok tyske soldatar landet vårt på land, i lufta og via sjøvegen. Etter ei dramatisk flukt gjennom Noreg, kom Kongen og regjeringa seg unna og etablerte eksilregjering i Storbritannia. Der fortsette dei motstandskampen mot den tyske okkupasjonsmakta fram til frigjeringa den 8. mai 1945. 

Det var kamphandlingar fleire stader i Noreg, og mange nordmenn fall for fienden før okkupantane tok makta ved hjelp av Vidkun Quisling. Han nytta radioen til å gjere statskupp da Tyskland gjekk til angrep på Noreg i 1940, og ein fekk da sjå kor viktig det er for ein okkupant eller eit diktatur å ha kontroll over massemedia. 

Det er lett å sjå dei same linjene i dagens samfunn. I land som beveger seg utanfor demokratiske spelereglar, med leiarar som er både fulle av seg sjølv, maktsjuke og utan toleranse, er det alltid media som blir tatt først. 

Redaktørstyrte forum som stiller kritiske og uavhengige spørsmål er ikkje yndlingane til slike leiarar. Å gjere det vanskeleg for desse, overta og misbruke medias makt er første prioritet for ein kvar sjølvopptatte og autoritære leiar. 

Slike vil helst kontrollere bodskapen slik at den går i favør for den som herskar. Derfor er det så viktig med redaktørstyrte medium, at folk brukar dei og forstår kor viktige dei er. Det ser me òg tydeleg i urolege tider som me nå lever i.

Ein kan bare sjå til okkupasjonen i Noreg i 1940-45 for å forstå kor viktig det er å dyrke sann og uavhengig journalistikk, og kor viktig det er at folk får balansert informasjon. 

Fleire store aviser stod i teneste for okkupasjons­makta den gong, men det blei òg utgitt omtrent 300 illegale aviser i Norge. Det var såkalte undergrunns-publikasjonar som vandra frå lesar til lesar under mottoet: «Send ho vidare!». Det medførte stor risiko å gje ut illegale aviser under krigen, og mange blei derfor gitt ut bare i kortare periodar.

I dag blir me bombardert med informasjon på alle slags plattformar, og det kan vere vanskeleg å sile ut kva som er sant og ikkje. Det er da det er viktig å vere kjeldekritisk og spørje seg sjølv kor det ein les eller høyrer eigentleg kjem frå. 

Eit av demokratiet sine styrker er redaktørstyrte medium som leverer fri og uavhengig journalistikk, og som kikkar makthavarane i korta. Politikarar, både internasjonalt, nasjonalt og lokalt, som ikkje skjønnar og støttar opp om det, og lagar sin eigen nyheitsagenda, er dei som kan bli ein trussel for openheit og demokrati.

Powered by Labrador CMS