KAN BLI RIVE: I Bøgata 83 og 85 kan det bli etablert ein Burger King. Spørsmålet nå er om kommunen vil tillate riving av dei gamle husa.
Øystein Akselberg
– Rive eller ikkje rive? Nå er det opp til politikarane våre
To av dei mest leste sakene i nettavisa til Bø blad dette halvåret har vore nyheitssaker som me har publisert om ei muleg etablering av hamburgerrestauranten Burger King i Bø sentrum. Engasjementet har også vore stort da me delte sakene på Facebook. Svært mange har tatt seg bryet med å skrive ein kommentar og sagt kva dei meiner om saka.