UNGDOMSRÅDET ER BEKYMRA: Midt-Telemark ungdomsråd meiner skulen treng fleire ressursar. F.v. Anne Vågen Bunkholt, Astrid Horgen, Wisse Renssen, Marita K. Valkeinen, sekretær, Aurora Aline Haugdal, Eline Momrak og folkehelsekoordintor Frøydis Haukeland.
Gro B. Røiland
Sterkt varsko frå skulen og dei unge – nå må det meir enn lytting til
Ungdomsrådet snakkar ikkje med store bokstavar. Det er vel heller litt beskjedent på eigne vegner, og signaliserer at det er vanskeleg å kome med krav når ein veit at kommuneøkonomien er krevjande. Likevel er utvalsmedlemmene tydelege på kva dei meiner og kva dei vil for si gruppe. Ungdommar i Midt-Telemark ønskjer seg først og fremst betre kollektivtilbod og fleire tilsette i skulen, blant anna miljøarbeidarar som kan vere med på å skape betre miljø på skulane. For det er på skulen det skjer.