Leiar:

REDAKTØR: Hilde Eika Nesje er ansvarleg redaktør i Bø blad.

– Trass i utfordringar flyttar stadig fleire til kommunen

Publisert Sist oppdatert

11.135 innbyggjarar er fasiten for Midt-Telemark etter siste folketeljing. Tysdag denne veka la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram innbyggjartala for alle kommunar i Noreg, og den viser at i vår kommune blei me 231 fleire i løpet av 2024.

Dette er absolutt noko me kan feire. Ikkje bare er me best i fylket når det gjeld innflytting. Me er dessutan på 18. plass i landet, med ei prosentvis folkeauke på 2,12 prosent. Det er også godt over folkeveksten på landsbasis, som er 0,80 prosent. 

Folkeveksten skjer også i ein periode da det har vore litt tungt å vere Midt-Telemark. Det er vel få midt-telemarkingar som ikkje har fått med seg den krevjande økonomien i kommunen, som fører til innskrenkingar og vonde sparetiltak i dei aller fleste kommunale sektorane. 

Både gamle og unge innbyggjarar synest det er trist at Midt-Telemark kommune har så dårleg råd, og kommunen står i spagaten mellom store økonomiske utfordringar og klare forventningar og krav frå oss som bur her. 

2024 har i tillegg vore ei turbulent år på fleire område i kommunen. 

Jernbanen, livsnerva som knyter oss til hovudstaden og Sørlandet, har hatt store utfordringar, og me har fått oppleve at ingen ting er hogd i stein. Det skal ikkje mykje til å velte eit stødig lass og det som me ser som bestandig. Første angrep har vore kutt av stoppestadar, som har ramma blant anna Nordagutu stasjon. 

Rett før nyttår i 2024 blei også Sykehuset Telemark sitt rehabiliteringssenter på Nordagutu nedlagt, og med det forsvann arbeidsplassar. Det har også blitt rasla med sabelen mot rusbehandlingsinstitusjonen Samtun på Hørte.

I Bø sentrum har nedlegging av ein tradisjonsrik bokhandel, med god hjelp utanfrå, og konkursen i eit stort handelshus rysta litt grunnvollane. Debatten om skulestruktur og forslag om nedlegging av Folkestad skule har òg prega bygda, for ikkje å snakke om dei to flaumane i ein vanlegvis stabil vêrkommune. 

Dei som bur i Midt-Telemark har dessutan relativt lågare lønnsnivå enn i landet elles, og talet på uføre og arbeidsledige stig. Med andre ord er det nok av negative hendingar i kommunen,

Trass i alle utfordringane ser me likevel at stadig fleire flyttar til kommunen og blir verande her. Folk trivst og framhevar både geografisk plassering, urbane kvalitetar og nærleiken til tilgjengelege naturområde. 

Trivelege folk, stort frivillig engasjement og eit rikt idretts- og kulturliv er også trivselsfaktorar som blir trekt fram. 

Me må ikkje gløyme alt det positive som gjer Midt-Telemark så ettertrakta som buplass. Det skal me dyrke og løfte opp. Dessutan er det oppløftande å sjå at det er den livskvalitet i det nære som betyr noko for dei som bur her.

Powered by Labrador CMS