Sidesprang:

– Alle hus har si historie
Me har eit gamalt hus i hagen vår på vakre Nesodden. Ein gong var det fint, det er det ikkje no lenger. Det er ikkje ein gong sjarmerande. Forfallet har halde på i mange tiår, og forfallet treng som kjent ikkje nokon invitasjon. Me treng ikkje løfte ein finger ein gong. Det går av seg sjølv.
Skamma trengjer seg òg på, kjenner me. Rive? Restaurere? Ting kostar, og me har beslutningsvegring. Ikkje bra!
Eg har ein djup respekt for gamle hus. Alle hus har sine historier, og gamle hus har mange. Nokon har saga desse plankane, spikra desse spikrane, måla desse veggane, og nokon har ein gong flytta inn i eit flunkande nytt hus med draumar for sitt liv. Slike tankar fascinerer meg.
Når me stikk hovudet inn der i dag, ser me falma tapetar som ein gong var nye, fliser på veggen der det ein gong stod ein omn, og nokre interessante fingermønster i ein knallgrøn farge på ei av dørene. Restar av liv.
Så plutseleg ein dag får me ein telefon frå ein godt vaksen mann, heilt framand for oss, som fortel at han voks opp i akkurat det huset og hadde budd der i femten år av sitt liv. No lurte han på om huset framleis stod og om han og familien kunne kome å sjå på det.
Nokre månader seinare stod heile storfamilien hans i hagen vår. Veldig hyggelege folk. I to timar gjekk me frå rom til rom og rundt i hagen. Forteljingar knytte seg til romma, veggane, dørene og hagen. Fattigdom, is på vindauga, drypp frå taket, men òg glede og gode minne.
Og døra? Jo, den hadde han sjølv måla og pynta i sin ungdom. Han syntest nok den var fin den gongen. Alt har sine forteljingar.
Då eg jobba som norsklærar i grunnskulen, hugsar eg at me ga ei stiloppgåve som heitte «Huset fortel». Det er ikkje ei dum oppgåve.
Lurer på kva det gamle huset vil fortelje om sine noverande eigarar? Eg er stygt redd det blir ei forteljing om forsømming. Sjølv om me skulle ønske å høyre husets stemme, blir det sjølvsagt berre ein fantasi, ein artig idé.
Eit hus er jo aldri berre eit hus. Det bur forteljingar i det.