– At helsesjukepleiar er tilgjengeleg på skulane er avgjerande for kor ofte elevane tek kontakt
Vi skaper framtida saman - for barna våre!
Her er eit utdrag frå ein helsesjukepleiar sin kvardag i skulehelsetenesta:
Helsesjukepleiar på ein skule startar måndagen med ein plan om å gjennomføre helsesamtalar. Dette er ei helseundersøking som er sterkt tilrådd å gjennomføre i rettleiaren vår.
Ved å gjennomføre dette vil vi kunne få eit overblikk over elevane, kartleggje eleven si oppleving av klassemiljø, identifisere helseutfordringar, kartleggje søvn, tannhelse, trivsel, fritidsinteresser, haldningar til alkohol og tobakk, og avdekkje vald og overgrep.
Planen i dag er å hente seks elevar. Eg har snakka med lærar om at eg kjem for å hente elevar i løpet av dagen.
Når eg kjem til kontoret, står det ein elev og ventar. Vi har ikkje avtale, men eg kjenner eleven frå før.
– Kva skjer, spør eg.
Vi rekk ikkje inn på kontoret før eleven bryt saman i gråt. Det skjer så mykje på heimebane og skule, at det er heilt uuthaldeleg å gå inn i timen. Dessutan skjedde det noko som ikkje var greitt i helga. Vi brukar dei neste 45 minuttane på kartlegging, og identifisering. Eg vurderer heile tida helsetilstand og alvorligheitsgrad. Er situasjonen så prekær at nokon andre bør koplast på?
Eleven seier «du MÅÅÅ IKKJE RINGE HEIM!» Dei kjem ikkje til å forstå, så vi brukar dei neste 30 minuttane på å finne ei felles forståing for dette. Vi blir einige om at det er best at dei heime veit korleis eleven har det. Dei neste 20 minuttane blir brukt på å ringe heim, med eleven til stades. Som helsepersonell må ein heile tida vurdere om vi kan, bør eller SKAL kontakte dei heime eller andre samarbeidsinstansar. Vi tilstrebar at elevane får ei forståing for kontakt med føresette. Samstundes som denne samtalen pågår, og eleven græt på kontoret, bankar det på døra....
Forsking viser at helsesjukepleiar si tilgjengelegheit på skulane er avgjerande for kor ofte og i kor stor grad elevane tek kontakt. Dersom helsesjukepleiar er dagleg til stades på skulen, viser undersøkingar at elevane tek hyppigare kontakt enn om ein berre er til stades to dagar i veka.
Relasjon er avgjerande i møte med barn og unge, og relasjon krev tid. Lova pålegg kommunen å ha eit lågterskeltilbod til elevane, gjerne gjennom drop in-tid på skulen. No risikerer vi kutt i desse viktige tenestene for våre barn, og vi er bekymra for kvaliteten dette vil medføre for tenesta.
Tilbake til kvardagen:
No er klokka 12.00. Eg spring opp i friminuttet for å finne læraren som eg hadde avtalt helsesamtalar med. Vi startar opp igjen etter friminuttet klokka 12.30. Eg går ned på kontoret, for å dokumentere dei fire (eller var det fem?) elevane eg har hatt kontakt med denne dagen. Døra mi står open, og ein heil gjeng med lange gutar dumpar innom.
– Kan vi måle oss?
Eg seier: – KLART DET!
Alle måler seg etter tur, eg bistår, og alle gutane er einige i at dei mest sannsynleg har vakse ganske mykje sidan førre måling. Eg prøver derfor å putte inn litt informasjon om ulik vekst og normalisere ulikskapar. Det ringer inn, og gutane labbar fornøgde i veg mot klasserommet.
Kontakten med helsesjukepleiar startar allereie frå du er nyfødd, på helsestasjon for småbarn. Frå du var heilt ny i denne verda og mamma og pappa fekk ta deg med heim, i småbarnsperioden då du ikkje fekk til å sove og dei heime var bekymra, då du skulle få din første vaksine, då du fekk undervisning om kropp, psykisk helse og pubertet på barneskulen, då du fekk klamydia då du var litt eldre, då alt rasa saman fordi ingen forstod deg, då du fekk p-piller eller då du blei forelder for første- eller andre gong.
Helsesjukepleie er ikkje behandling, rehabilitering eller miljøterapi. Det er meir enn vaksinering, støttesamtalar, veging og måling. Helsesjukepleie handlar om å ha kompetanse til å sjå det friske og normale, støtte både barn, unge og foreldre og setje i verk tiltak når det er behov for det. På denne måten jobbar vi målretta med helsefremming og førebygging. Det handlar om ei heilskapleg og kontinuerleg forståing av barn, ungdommar, foreldre, familiar og samfunn - og deira helse. Som helsesjukepleiarar samarbeider vi med mange instansar, og gjennom samarbeid kan vi utfylle kvarandre, men fordi vi ikkje har same utdanning og kompetanse, kan vi ikkje erstatte kvarandre.
Tilbake til kvardagen:
Dei planlagde helsesamtalane i dag vert utsett til fordel for barna sine individuelle behov. Set samtalane opp i timeboka neste veke. Klokka har no blitt halv tre, og eg må gå til helsestasjonen for ungdom for å møte ungdommane der.
Tidleg innsats - stor gevinst
Tidleg helsefremjande og førebyggjande innsats har store gevinstar i eit samfunn, både samfunnsøkonomisk og i form av å redusere uhelse. Behandling er langt dyrare enn førebygging! Førebygging handlar om å gripe inn i prosessar, slik at dei ikkje får utvikle seg til større utfordringar, både på individ- og samfunnsnivå. Det handlar om å identifisere risikofaktorar.
Når kommuneøkonomien er stram, vil det ofte vere det førebyggjande arbeidet som vil bli nedprioritert. Førebyggingas paradoks er at jo meir effektive vi er i førebygginga, jo mindre syns det i samfunnet. Ved ytterlegare kutt i helsestasjonstenesta, som kommunen no foreslår, kan arbeidskvardagen til dei tilsette endre seg. Vi er ikkje kjende med omfanget av korleis dette vil påverke tilbodet til barna i kommunen, men kutt fører til ei endra teneste.
Vår kommune satsar på trygge vaksne for trygge barn, og Midt-Telemark kommunes slagord er «vi skapar framtida saman».
Barna er vår framtid, og dei må vi satse på.