– Bø er Noregs beste studentby(gd)
Hugsar du “Cheers”? 1980-talets komiserie om baren i Boston, der kjenningsmelodien inneheld fylgjande strofe: “sometimes you wanna go where everybody knows your name, and they’re always glad you came”? Sjela i serien er meir tidlaus enn interiøret i baren, for det eksistensielle i å ha ein stad å høyre til er noko alle kan kjenne seg att i også i 2025.
Studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT), ei landsdekkjande undersøking som sist vart gjennomført i 2022, viser diverre at litt for mange studentar no opplever einsemd og manglande tilhøyrsle. Verst er det blant dei yngste studentane.
Meir enn 40 prosent av studentane i alderen 18-20 år rapporterte at dei kjende seg einsame, og at dei hadde få eller ingen vener. Om lag 60 000 studentar svarte på undersøkinga, og det betyr at nesten 25 000 studentar er sårbare med tanke på sosialt nettverk. Desse tala reflekterer også konsekvensane av mykje digital undervisning for studentane i pandemitida, men leiaren for undersøkinga er tydeleg i si tale: Ungdom som skal studere har ikkje godt av å sitje heime hjå mor og far og studere over nett – det vert dei sjuke av! Dei må kome seg til ein fysisk campus der dei møter medstudentar og forelesarar. Der studietida vert ei danningsreise, både intellektuelt og sosialt. Dette er det verdt å tenkje over om du har unge og håpefulle som snart skal entre høgare utdanning.
Ikkje misforstå, det er mange som har stor glede av at universiteta har fått fleire studietilbod som er meir fleksible i den forstand at du kan kombinere studia med jobb og/eller ein etablera familiesituasjon. Men dette gjeld ikkje dei fleste 18-20-åringane, sjølv om det no er ei trend at litt for mange av dei også vel det komfortable i å bli buande heime som ein nettstudent. Me snakkar for lite om baksida av denne fleksibilitetsmedaljen.
Same år som førre SHoT-undersøking vart gjennomførd, presenterte studentum.no den fyrste og så langt einaste kåringa av dei beste studiestadane i Noreg. Bø vann framfor Tromsø (2. plass), Trondheim og Lillehammer (dela 3. plass).
Studentane treng menneskemøte, og mange i vårt lokalsamfunn bidreg til at USNs studentar får dette gjennom fag og fritid. Me blir som baren «Cheers» for studentane som kjem hit, og fleire av dei som berre skulle studere her i eit år har slått rot og blitt til nytte for studentane som kom etter dei.
Med dette vil eg difor takke for meg i denne spalta, og samstundes takke for at akkurat du gjer vårt Midt-Telemark til ei perle i studie-Noreg!