MEINING: Peder Rekkedal, Sp.

Bygdeperspektiv 2024 - nokre tankar om debatten rundt sentralisering

Sentralisering og avfolking av bygdene i Norge er sentralt på agendaen i dag. Økonomi og kvalitet er stikkord.

Publisert

Aftenposten sin kronikør får på leiarplass skrive at bygdene ser døden i augo. Ho raljerer over Vedum sitt mål om folkevekst i alle kommunar.

Hjelper det bygdene når landet si største avis omtalar bygdene slik?

I vårt samfunn har vi mange mål: Null fyllekøyring, null sjølvmord, null utslepp av CO2, null dødsfall i trafikken. Det er mange mål vi ikkje når. Skal vi slutte å arbeide for desse måla om vi ikkje når dei?

Gunnar Stavrum meiner det er statsrådane Vedum og Mehl som må bere hovudansvaret for skulenedlegging. Han viser til at Innlandet fylke sparar 100 millionar kroner per år ved å legge ned skular. Han har vidare rekna ut at kostnadene med skipstunnelen gjennom Stadtlandet kostar 7 milliardar kroner. 

Ja, kanskje det (tunnelen varer i 1000 år). Operaen kostar omlag ein milliard kroner i året (kapitalkostnader og driftstilskot). Det er 10 gonger så mykje som det kostar å oppretthalde skulane i Innlandet per år!

Mange elevar får lengre reise til skulen etter ny ordning. Kor mange og kor mykje tid dei taper veit eg ikkje. Men dersom tusen elevar taper ein time per skuledag, og om vi reknar 200 skuledagar per år[1] og vi set verdien til ein time til 200 kroner, får elevane eit samla velferdstap på 40 millionar kroner per år!

Ordføraren i Asker klagar over at den ”byfiendlege” finansministeren Vedum påfører Asker tap slik at kommunen må kutte med ein milliard kroner i sitt budsjett. Tapet Asker får som endring i inntektssystemet til kommunane er 250 millionar (Sarpsborg, Fredrikstad og Kristiansand er kommunar som får auka inntekter som følgje av endringa av systemet).

I dag seier finansminister Vedum at han vil ikkje tilrå å gje 10 milliardar til nytt Nasjonalteater, noko som i tillegg til oppussing av eksisterande teater vil gje fleire nye scener. Han vil berre gje 3 milliardar kroner til oppussing av dagens Nasjonalteater. Er det rart sentrale oslopolitikarar ser på Senterpartiet som oslofiende?

Powered by Labrador CMS