Derfor markerer me Palestina-dagen
29. november er FNs internasjonale dag for solidaritet med det palestinske folket. Denne dagen blir av mange kommunar rundt i Noreg markert med å heise det palestinske flagget. Me oppfordrar alle kommunane i Telemark til å gjere det same. Og heis gjerne palestinsk flagg heime hjå deg sjølv også!
29. november 1947 foreslo Generalforsamlinga i FN ei deling av det historiske Palestina-området i to, i ein jødisk og ein arabisk stat. Sidan 1977 har datoen vore markert som ein solidaritetsdag for Palestina. I år er dagen meir aktuell enn nokon gong.
75 år etter delinga manglar det palestinske folket grunnleggande rettar. Vestbreidda og Gazastripa er okkupert under israelsk militært styre. Dei fleste palestinarane lever anten under israelsk folkerettsstridig okkupasjon, eller som flyktningar. På Vestbreidda held koloniseringa av palestinsk land fram med bygging av murar og aukande vald frå stadig fleire ulovlege israelske busettingar. Gaza blir akkurat no bomba sønder og saman.
Kort tid etter at delingsplanen var lansert i 1947, starta sionistiske styrkar fordrivinga av palestinarar frå heimane deira, og i strid med FNs plan proklamerte staten Israel opprettinga av seg sjølv på 77 prosent av heimlandet til palestinarane. Krigen i 1948 starta med det palestinarane kallar al-nakba («katastrofa») då 750.000 palestinarar vart drive på flukt. I løpet av eitt år var 531 palestinske landsbyar øydelagde.
Den pågåande krigen mellom Israel og palestinarane braut ut 7. oktober 2023, då Hamas-krigarar frå Gaza storma inn i Israel, drap 1.139 menneske og tok gislar. Israels reaksjon var blokade og massive bombeaksjonar. Per i dag er over 40 000 palestinarar drepne, tallause såra og fordrivne, byar lagt i grus og Gaza opplever ei massiv humanitær krise. Israel vedtok nyleg lover som forbyr UNRWA (FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar). Konsekvensane vil bli dramatiske for hundretusenar av sivile.
Generalsekretæren i FN har fordømt Hamas-aksjonen som terror-handling, men seier det ikkje rettferdiggjer ei kollektiv straff mot det palestinske folket. Han minner oss alle om at valden spring ut av ei langvarig konflikt og ein 57 år lang okkupasjon. Fleire kallar det som skjer eit folkemord.
Palestinarane opplever i dag den største katastrofa sidan Nakba i 1948. Me oppfordrar kommunar og enkeltpersonar til å
• heise det palestinske flagget i solidaritet på Palestinadagen 29. november!
• halde Israel ansvarleg for brot på folkeretten!
• støtte opp under det ikkje-valdelege arbeidet med BDS (boikott, deinvesteringar og sanksjonar) av Israel så lenge dei opprettheld okkupasjonen!
• krevje at oljefondet trekker seg ut av våpenprodusentane og selskapa som medverkar til folkerettsbrot i Palestina!
• stå saman med oss i kravet om varig våpenkvile og varig slutt på okkupasjon og apartheid!