– Det er ein vanskeleg og viktig balansegang på Lifjell
Dette er eit svar frå ordførar Siri Blichfeldt Dyrland på eit tidlegare lesarinnlegg i Bø blad frå Geir Solerød.
Takk for ditt engasjement og kjærleik til Lifjell. Det er tydeleg at du har eit sterkt forhold til området, og eg forstår godt at du er bekymra for utviklinga.
Lifjell er ei perle i Midt-Telemark. Vi veit at den vakre naturen er ein av dei største grunnane til at folk trivst her, både fastbuande og besøkande. Difor har vi lokalpolitikarar eit stort ansvar for å ta vare på naturen, samstundes som vi legg til rette for aktivitet og utvikling.
Den kommunale planen for Lifjell er over 10 år gammal, og vi har no jobba med ein ny plan der vi ønskjer å sikre ein betre balanse mellom bevaring og utbygging. Mange vil nok vere einige med deg i at nedre del av Lifjell har fått mange hytter, medan andre meiner at meir aktivitet gjer området meir attraktivt. Til dømes har aktiviteten bidrege til skisenter, restaurant, vegar, badeplass og skiløyper.
Eg er glad for at formannskapet sitt vedtak inneber færre hyttetomter enn førre plan, og at vi no har ein tydeleg "markagrense" for kor høgt vi vil ha utbygging. Vi skal ikkje bygge hytter høgare opp enn dagens nivå. I framtida kan vi kanskje sjå at talet på tomter blir redusert ytterlegare.
Lifjell er ikkje berre ein stad med fantastisk natur, det er også ein møteplass der folk skaper minner, engasjerer seg og bidreg til fellesskapet. Difor meiner eg at vi har funne eit godt kompromiss mellom vern og utvikling, og det er eit vedtak eg står inne for.
Samtidig vil eg gjerne ta dialogen vidare med statlege og fylkeskommunale myndigheiter om områda formannskapet har lagt inn. Dette er ei viktig sak, og eg set stor pris på innspel frå deg og andre som bryr seg om Lifjell.