KAPELLAN: Per Inge Bergem Håland

– Det er fort gjort å vende blikket innover når dagane er vanskelege, men det finst håp

Morfaren min var ein liten gut i 1930-åra. På garden der han voks opp var det mange munnar å metta, og alle måtte bidra med det dei kunne. Garden ligg i ein del av landet der det er kort veg frå havet til høge toppar. Ubeskriveleg vakkert på fine dagar, surt og demotiverande når vêret ikkje vil spela på lag og ein må ut å plukka bær i tjukk skodde.

Far og son tok med seg spann og bærplukkarar og gjorde det beste ut av det. Då dei etter ein karakterskapande gåtur kom fram var skodda like tjukk, og kleda litt våtare. Humøret var likevel stigande, og vesle morfar syntest plutseleg det var veldig moro og engasjerande å sjå at bøttene fylte seg litt etter litt kvar gong bærplukkaren vart tømd. Han vart så oppslukt i bærplukkinga at han kom lenger og lenger bort frå faren, ei tue om gongen. Då han til slutt løfta blikket, stod han heilt åleine i tåka. Han byrja å ropa på pappa, men uansett kva retning han snudde seg fekk han ikkje auge på pappa. Vesle morfar ropte ein gong til, litt høgare denne gongen og litt nærare gråten.

Så kjende han handa på skuldra. Pappa hadde sett guten heile tida. Pappa hadde vore der før, han hadde oversikt.

Me veit korleis dagane kan vera. Uoversiktlege utfordringar, lause trådar, bekymringar, einsemd, motløyse. Det kan bli mykje å bera på eiga hand, og då er det fort gjort å venda blikket innover mot seg sjølv. 

Jesus inviterer oss til å løfta blikket og sjå på han. Han har vore der før, og Jesus seier: Kom til meg, alle dei som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvila!. Matt. 11,28.

I Bibelen finst det mange forteljingar om Guds omsorg for oss. Den mest kjende av desse er frå høgtida som me no er i. Eg skal ikkje røpa for mykje av den forteljinga, men eg kan seia at Gud viser kjærleiken sin og omsorg på ein varsla, men likevel grensesprengjande måte. Det som skjer kjem til å utløysa ein kjedereaksjon som framleis går føre seg, som endrar liv den dag i dag. Bodskapen i forteljinga er eit lys som skin frå fortida og framtida, like inn i notida; eit lys som sjølv ikkje døden kan sløkkja. Eit lys som trengjer gjennom den tjukkaste tåka og som omgir oss, sjølv når me ikkje ser det sjølv.

Eg avsluttar med ei gammal keltisk bøn:

Som regnet løyner stjernene, som haustskodda dekkjer åsane og skyene tek bort den blå himmelen, slik løyner det vonde som har skjedd lyset frå ditt andlet.

Likevel strekkjer eg hendene mine ut i mørket. Det er nok. Om eg fell, står du. Amen.

Powered by Labrador CMS