ORDFØRAR: Siri Blichfeldt Dyrland (Sp).

– Det er ikkje nokon snarvisitt av ordførar fredag 1. november

Publisert

Svar på lesarinnlegget «Barnehagen treng kjende og trygge vaksne, ikkje nødvendigvis ein ordførar på snarvisitt»

Eg viser til lesarinnlegg datert 28. oktober 2024 frå innbyggjar Svenja Doreen Storøy. Ho meiner det er viktig med fast tilsette og tilstrekkeleg med pedagogar i barnehagane i Midt-Telemark, og at dette bør ha større fokus enn at ordførar besøkjer barnehagane i kommunen.

Takk til Storøy for engasjementet hennar for dei minste i kommunen vår.

For det første er det ikkje nokon snarvisitt av ordførar fredag 1. november. Saman med hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet, så skal ordførar hospitera i Folkestad barnehage ein heil arbeidsdag. Me skal bidra med å utføra relevante arbeidsoppgåver, og får dermed eit inntrykk av positive element og utfordringar i kvardagen deira. Dette blir jamleg gjort i kommunen, og er eit samarbeid mellom arbeidstakarforeiningane og lokalpolitikarar.

Erfaringa mi er at det gir auka kunnskap når ordførar og lokalpolitikarar har nær kontakt med tilsette og barna i barnehagane våre, og at me har eit godt samarbeid med fagforeiningane. Det har verdi for ordførar og lokalpolitikarar når me skal ta avgjerder.

Faktisk har kommunestyret i Midt-Telemark gjort eit sentralt vedtak 05.12.22 om å styrkja barnehagane våre med ein spesialpedagog per barnehage. Før vedtaket låg barnehagane våre akkurat på norm og det var sårbart ved sjukdom, opplæring og fråvær. Me lokalpolitikarar styrkte barnehagane trass i krevjande økonomi, nettopp med tanke på barnets beste og å førebyggja utfordringar med tidleg innsats. Ifølgje administrasjonen er vedtaket følgt opp og PPT har allereie sett positive verknader med å auka talet på tilsette i barnehagane.

Det stemmer at Folkestad barnehage manglar ein pedagog akkurat no. Denne er erstatta med ein fagarbeidar. Det har samanheng med at ein tilsett har søkt permisjon og at det var vanskeleg å rekruttera pedagog til ei vikarstilling. Dette er altså ei mellombels ordning, og målet er å få tilbake pedagogkompetansen.

Eg håpar innbyggjar Storøy set pris på at me lokalpolitikarar har gjort eit modig vedtak om styrking av barnehagane, og at ho ser verdien i at lokalpolitikarar er ute i barnehagane. Eg vil også tilrå henne å lesa artikkelen «Ordføreren prøvde seg «på gulvet». Nå styrkes bemanningen i barnehagen» frå 29. mars 2023 i nettavisa Barnehage.no.

Powered by Labrador CMS