FAST SPALTIST: Even Skårberg Aarnes er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.

– Det er noko usik­kert, men også befriande med å gå inn i noko nytt

Publisert

Ein ny start

«Ver forsiktige og pass på at dekkan ikkje treff inaan med dei rakettane! Og prøv å ikkje stapp stjerneskota så langt inn i auget at du blir blind, for det e så vanvittig dumt!»

Visdomsorda heng lågt når ein skal markere årsskiftet. Ei markering der ein tenker tilbake på året som har gått, samtidig som ein legg planer, sett seg mål og kanskje drøymer om kva det neste året skal bringe. 

Kva ein ønsker seg kan vera grueleg ulikt, men det er bra å ha nokre forventningar til året som ligg framom oss.

Fast spaltist: Even Skårberg Aarnes

Even Skårberg Aarnes er fruktbonde og familiemann, med kone og tre små barn. 

Han er busett på familiegarden på Aarnes, og har tidlegare vore journalist i NRK og jobba i Senterpartiet. 

Han er samfunnsengasjert, sportsinteressert og glad i skog og folk.

Slik historisk sett har kanskje ikkje 2024 skapt dei største overskriftene. Mykje har vore som vanleg; handballjentene vinn, medan fotballherrane tapar. Veret blir villare og våtare, men skiføret er heller kleint. 

Men noko er historisk, nemleg at 2024 er første året sidan andre verdskrigen at det har blitt regjeringsskifte i samtlege land som har gjennomført val. Det har aldri skjedd før, at ingen sittande administrasjoner har fått fortsette. Kanskje er det eit signal om uroa som pregar verda, og menneskets ukuelege tru på at graset er grønare på andre sida.

Kva kan me så forvente av det neste året? Kjem kommuneøkonomien på rett kjøl? Blir det deltakarrekord på onsdagsrenna? Kva for ein kjent artist skal Akkerhaugen Rocksamfunn presentere i 2025, er det endeleg Neil Young eller Tom Petty sin tur? Kjem det ny plate frå Jon Solberg? Blir det gatelys langs vegen mellom Jutulfua og Gvarv? Skal det endeleg lykkast å få has på storgjedda i bukta? Spørsmåla er mange, og svara foreløpig få, heldigvis.

Eit årsskifte er eit skifte frå noko som har vore, til noko som skal bli. Det er noko usikkert, men også befriande med å gå inn i noko nytt, og kunne late att døra bak seg for siste gong. 

Mange planer er sikkert lagt for året som kjem, men når kalenderen viser januar, er det rom for å løfte blikket, sjå mot vår, sommar, haust og vinter og tenke på at nå er tida for å forme året som kjem slik ein sjølv vil ha det. 

Kanskje er målet eller draumen å få ein venn, kanskje er det å reise verda rundt eller å fullføre ei utdanning, eller kanskje det er å komme seg gjennom enda eit år.

Uansett mål eller draum håper eg du lykkast, og at 2025 blir eit godt år for oss alle.

Powered by Labrador CMS