MIDT-TELEMARK: Folkestad skule

Det er tid for å takke

Publisert

Først vil me takke ordførar Siri! Hennar klare og sterke innlegg og grundige arbeid i forkant, var eit svært viktig bidrag til utfallet i skulesaka.

Me takkar politikarane våre for ein sakleg og god debatt. Det blei ein debatt der alle synspunkt kom fram på ein god måte. Me er utruleg glade for at det ble eit så solid fleirtal for å bevare skulen.

Det at det beste for barna våre blei så sterkt framheva, er det aller viktigaste for oss.

Me vil òg takke administrasjonen for innsatsen. Me har vore ueinige i sak. Nå er dette historie. Saman skal me sjå framover og finne dei beste løysingane, og gje eit likeverdig tilbod til alle elevane i kommunen!

Oterholt grendelag takkar alle hjelparane og støttespelarane som har stått på for å bevare skulen vår. Det blei eit utruleg engasjement frå barn, foreldre, tilsette på begge skulane, til og med besteforeldre, tanter og onklar og heile grenda, ja, heile Bø stilte opp og sa si meining! Slikt engasjement gjer inntrykk, og viser at me kan stå saman når viktige vedtak skal takast!

Nå er det bare å stå på og sørge for at spådommen om nedgang i elevtal blir grundig gjort til skamme! Bø skal framover, ikkje bakover!

Gratulerer med dagen til alle!

Powered by Labrador CMS