FAST SPALTIST: Kjell Bitustøyl er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Hilde Eika Nesje

Det gjeld å vere på vakt mot rasisme

Kjell Bitustøyl er skribent, fagbokforfattar og fotograf. Oppvaksen i Rauland, busett i Bø sidan 1990. Har skifta yrke fleire gonger og fann vel eigentleg aldri heilt ut kva han ville bli. Men kultur og musikkformidling har vore ein raud tråd ved sida av naturopplevingar der fjell, reinsdyr og fuglar er favorittane. Det heile godt oppblanda med sosialt instinkt.

Publisert

Nyleg advarte ein kronikør i Dagsavisen mot kva som kan skje dersom republikanarane skulle koma til å vinne valet i USA. Han viser til at Trump heilt ope spelar på raseideologi, og at kvit «overlegenhetstenking» har vore ei drivkraft i amerikansk politikk heilt sidan nasjonens fødsel. Og då snakkar me om uavhengigheits-erklæringa frå 1776 som blant anna seier at «alle menneske er født like». 

«Fridom» er òg eit ord som gjeng att. Men fridom for kven? Det galdt dei kvite, urfolk var ikkje rekna med, og slaveriet varte ved i nesten 100 år etter denne erklæringa. At han som skreiv erklæringa, Thomas Jefferson, sjølv dreiv med plantasje med slavar, er òg verdt å merke seg.

Tilbake til kronikøren. Han meiner at utfallet av dette valet også kan påverke oss i Norge, for det er fort å gløyme at systematisk rasisme òg har vore ein del av den norske nasjonsbygginga, skriv han, og at framandgjering og frykt òg kan ramme samfunnet vårt, særleg i desse uroleg tidene. 

Sjølv er eg engasjert i samane si sak, og seinast for to veker sidan sat eg og lydde til ei samekvinne som fortalde om oppveksten i nord, i eit lokalsamfunn der fornorskinga nærast var total. Ho fortalde at ho og syskena ikkje visste noko om at dei var av sameslekt, alt var radert bort, familien hadde ein ikkje-historie. Ungane blei mobba på skulen, men forstod ikkje kvifor, ordet «lapp» skjønte dei ikkje, bortsett frå at det var negativt og knytt til foreldra. Det gjekk lang tid før det blei kjent at besteforeldra hadde drive med rein og var svenskesamar som hadde flytta over grensa.

Det som er skremmande, er at det er relativt stutt tid sidan dette skjedde, altså i mi tid. Me har no fått etablert det me kanskje kan kalle ein skjør ferniss av likeverd og forståing for folk med annan etnisk bakgrunn, men lite skal truleg til for at mørke haldningar kjem opp til overflata att. 

Det er all grunn til å vera på vakt dersom det verst tenkjelege skulle skje den 5. november. Også ein liten kommune som vår må ha dette i bakhovudet.

Powered by Labrador CMS