– Det må bli mindre håp og meir handling
Vi veit mykje om kva for barn som har det vanskeleg og som kjem i konflikt med lova. Når barn hamnar i fengsel eller blir plasserte i barnevernsinstitusjon, handlar det ofte om at dei ikkje har fått den hjelpa dei trong før. Det blir for mykje håp og for lite handling.
Dei fleste barn i Noreg har ein god oppvekst. Dei trivst, har venner og ein familie som tek godt vare på kvarandre. Men det er òg barn som treng litt meir, som tilpassa helsehjelp, ekstra vern, eller hjelp til å meistre skulekvardagen. For mange av desse barna får ikkje hjelpa dei treng i tide, noko som gir negative utfall og auka risiko.
Dei som tek avgjerder i stat og kommune må byrje å tenkje nytt, slik at rett innsats blir i tide sett inn.
Når barn kjem i konflikt med lova, er det ofte barn som mange har vore bekymra for, utan at det har ført til innsats. Det må snuast. Framfor håp om at ting løyser seg, trengst handling for forandring.
Dei fleste barn i Noreg får besøk frå helsestasjonen den veka dei blir fødde. Då er det mogleg å sjå sårbarheit og risiko for det nye livet, med bustader som ikkje er eigna og foreldre som ikkje får til. I barnehagen ser dei barn som ofte har møkkete klede og ofte tunge bleier når dei kjem. På skulen ser dei at matpakken manglar, strev med konsentrasjon og mykje konflikt rundt barnet. Mange er bekymra og nokon melder frå, utan at det blir spegla i tiltak som forandrar situasjonen.
Mykje tidlegare inn
«Dei sterkaste tiltaka må komme først,» sa ein engasjert barnevernsmedarbeidar til meg nyleg. Erfaringa frå mange som jobbar med barn i sårbare situasjonar er at bekymring møtest med tiltak lågast nede på stigen. Nokre møte med familierettleiar hjelper lite når behovet er å få familien inn på ein familieheim for tett oppfølging. Ved å komme tett på tidleg, er det mogleg å sjå behov for omsorgsovertaking, for å unngå å påføre barn traume frå langvarig omsorgssvikt.
Skal ungdomskriminalitet eller behovet for spesialiserte plassar i barnevernet blir redusert, er det her, medan dei er små, at politikarane må auke innsatsen for å endre utfall i barne- og vaksenliv.
Forskinga på dette er tydeleg. Økonomen James Heckman fekk Nobelprisen i økonomi for berekninga som viste korleis investering i familiestøtte og utdanning dei første åra var det som gav mest utteljing for at barna voks opp som positive bidragsytarar i fellesskapen. Den innsikta må føre til endring.
Snu reknestykka
Det er mange kjenneteikn som går igjen blant barn som gjer seg skuldig i alvorleg kriminalitet. Dei har ofte opplevd vald heime, strevar på skulen og er kjende av barnevernet frå før. Vi har mange høve til å endre på barns moglegheiter til å få eit betre liv. Dagens sosialhjelpssatsar er så låge at mange ikkje kan ete seg mette kvar dag, og Nav slit med å identifisere behovet til barna i dei familiane som søkjer hjelp. Medan det store fleirtalet av barn er med på aktivitet, er nokon utanfor fordi dei ikkje har råd. Manglande tilrettelegging for elevar med lærevanskar fører til at dei strevar med å følgje med i undervisninga og kan falle ut av skulen seinare. Den nye strategien til barneombodet peikar på tidleg innsats som eit hovudområde.
Framfor å prøve med det minst inngripande tiltaket og håpe på at det går bra, må vi investere mykje meir tidleg for barn vi veit lever med sårbarheit og risiko. Vi må vekk frå ein situasjon der vi prøver å reparere med gaffateip der det er store brester i grunnmuren rundt barn. Konsekvensane når dette brest er så store, både for enkeltmenneske og samfunn. Ungane våre treng ein solid grunnmur og eit sikringsnett.
På veg inn i eit nytt år, som også er val år, så er dette bodskapen vår: Det må bli mindre håp og meir handling.