– Det me treng er føreseielegheit i oppvekstsektoren
Utdanningsforbundet sine medlemmer jobbar med det aller viktigaste me har: barn og ungdom med framtida framfor seg. Det må ikkje vere tvil om at barn og unge sine oppvekstvilkår er den aller viktigaste føresetnaden for ei god samfunnsutvikling med plass for alle.
Utdanningsforbundet Midt-Telemark anerkjenner det arbeidet som blir gjort i kommunen med å få budsjettet i balanse, og me aksepterer at det må takast smertefulle grep i fleire sektorar.
Møtet i OK-utvalet 19.11. gav liten grunn til å tru at vedtaket om å frede Folkestad skule vil stå seg. Utvalet snakka også om fleksibilitet og omprioritering av ressursar innan sektoren. Dette skapar meir uro blant dei tilsette i sektoren.
Utdanningsforbundet Midt-Telemark ser at den pressa økonomien tvingar fram diskusjonar som me trudde kommunestyret var ferdig med, i alle fall for neste budsjettår. Men som ansvarlege tillitsvalde er me bekymra for at det no verkar som om ein har mista det langsiktige perspektivet og ønskjer å styre frå kommunestyremøte til kommunestyremøte. Dette gir stor uro for framtida, både for elevar og for tilsette.
Folkestad skule blei i oktober vedteken freda, og med styrkt bemanning. Det har gitt både barn og tilsette ved skulen naudsynt tryggleik både for skule- og arbeidsmiljø. Når OK-utvalet no sender heilt nye signal berre nokre veker etter dette så er det grunn til uro.
Oppvekstutvalet stemte òg for at lærarressursar skal fordelast på einingane etter talet på elevar og klassestorleikar. Det må sjølvsagt vere samanheng mellom talet på elevar, storleiken på klassene og dei ressursane som blir tildelte, men betyr dette signalet frå utvalet på at fordeling av ressursar skal gjerast oftare, på ein annan måte, eller etter andre kriterium enn dei som blir brukte i dag? Betyr det òg at lærarar og assistentar kan flyttast mellom skular dersom elevtalet endrar seg i løpet av skuleåret?
Gode relasjonar er viktig for god læring, både blant elevane og mellom elevane og dei vaksne. Ein ressursmodell som OK-utvalet synest å antyde vil gjere det vanskelegare å opprette og halde gode relasjonar. Nettopp dette er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet med elevane, spesielt dei mest sårbare. Dersom vaksne kan flyttast mellom skulane blir ikkje omsynet til kontakten mellom lærar og elev særleg godt ivareteke. Det er heller ikkje gunstig for naudsynt rekruttering til skulane at nye søkjarar ikkje veit kvar dei skal jobbe, eller kor lenge dei skal vere på kvar stad.
Midt-Telemark kommune slit veldig på fleire område. Tør me be om at politikarane i det minste sørgjer for nødvendig føreseielegheit i oppvekstsektoren? Det er i alle fall gratis.