MIDT-TELEMARK: Folkestad skule.

– Det ser ikkje ut som om det blir spara så mykje ved å leggje ned skulen vår

Publisert

Det er mange innlegg om dagen rundt skulestruktur og framtida til Folkestad skule. Det er møteverksemd, kommunalmøte og formannskapsmøte.

Det blir snakka om både bygg til mange millionar, innsparingar eller ikkje, kompetanse, lærarmangel og behov framover.

Me viser til formannskapsmøte her om dagen, der oppvekstsjef Pia Groven Robertsen legg veldig vekt på det med lærarmangelen. Ho pratar ikkje så mykje om innsparinga som var årsaka til at dette kom opp med å leggje ned Folkestad skule.

For det skal ein ikkje gløyme, årsaka til at dette med skulestrukturen kom på bordet var økonomi, og det ser ikkje ut som det blir spart så mykje på å leggje ned skulen vår.

Når me no då pratar med lærarar på Folkestad skule som skryt veldig av både arbeidsmiljø, skuleområdet, foreldreengasjement og elevar så må de folkevalde tenkje dykk om. 

Lærarane på Folkestad skule gjer ein fantastisk jobb kvar dag for at våre barn skal ha det beste læringsmiljøet ut ifrå dei ressursane dei har. Dei heiar på kvarandre og det er lite sjukefråvær blir me fortalt. Dei har det veldig bra rett og slett.

Med dei pratane me har hatt så er det nok ikkje sikkert alle vil jobbe på Telemarks største barneskule visst dei to skulane i Bø blir slått saman. Med 80-90 tilsette så kan det bli for stort for mange.

Så til alle folkevalde i Midt Telemark kommune:

Tenk ordentleg godt gjennom dette før de tek valet i kommunestyret måndag 21. oktober. Tenk på våre barn og la den fantastiske skulen vår overleva med det fantastiske læringsmiljøet, uteområdet og dei fantastiske lærarane som brenn kvar dag for å gje våre barn den beste skuledagen dei kan ha. Det er til barnets beste.

Powered by Labrador CMS