Sidesprang:

FAST SPALTIST: Jarle Sten Olsen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Det skjer noko i kroppen når ein et på McDonalds

Publisert

I 1990 opna McDonalds i Moskva. Sovjetunionen eksisterte, Jeltsin dreiv valkamp og eg besøkte byen som student. Ein dokumentarfilm skulle produserast, og eg hadde lita tid. Løysinga vart å ete mange måltid på McDonalds. Dette syntest på badevekta, men kjendes også når inntaket av mat skulle ut. Det lukta ikkje godt, for å seie det fint.

Fast Spaltist: Jarle Sten Olsen

Jarle Sten Olsen (61) er innflytta bergensar i Midt-Telemark, og bur nå i Roegrenda. 

Han er tidlegare TV-produsent, og vart omskulert til lærar då han kom til Bø i 2007.

Jarle er tilsett ved Hjalmar Johansen videregående skole i Skien, men er for tida videoprodusent i NDLA. I ledige stunder skriv han krimbøker.

Då filmen «Super Size me» kom 15 år seinare, var det som om eg igjen kunne kjenne den same lukta. I dokumentaren gjer Morgan Spurlock eit eksperiment: I 30 dagar skal alle måltid takast inn på McDonalds. Får han spørsmål om å bli «Supersized» (ekstra store porsjonar), må han seie ja. Han går kraftig opp i vekt, får hjarteproblem, mistar muskelmasse og utviklar ei urovekkjande dårleg helse. Sjølv om Morgan Spurlocks etande eksperiment ikkje representerer korleis dei fleste et McDonalds-måltida sine, viser han likevel at det er noko med maten som ikkje er bra.

Det vart stadfesta på Island i 2009. Då finanskrisa stengde øyas McDonalds, kjøpte Hejörtur Smarason ein cheeseburgar og fries. Han la måltidet i ein plastpose, der det vart liggjande i tre år. Resultatet av lagringa var oppsiktsvekkjande. Maten rotna ikkje! I 2012 vart måltidet stilt ut på Islands nasjonalmuseum, og etter det som blir sagt, er det framleis på Island, litt falma, men utan å ha gått i ròte.

Dette er ei anekdotisk historie, men som med «Super Size me» underbyggjer den mine eigne erfaringar med mykje mat frå McDonalds i Moskva: det skjer noko i kroppen.

No skal hurtigmatkjeda etablere seg i Bø. Då kan ein sjølvsagd argumentere med at det skaper arbeidsplassar, og at etableringa vil føre til meir handel i Bø. Det er mogleg. Men som komande kunde kan du vurdere å ta det første kjøpet med deg heim, leggje det i ein plastpose og sjå om eksperimentet på Island framleis held vatn. Og deretter vurdere om det freistar med gjentaking. Om du vil forhøyre deg med Morgans Spurlock om eksperimentet hans er det dessverre umogleg. Han døydde i fjor, 53 år gammal.

Powered by Labrador CMS