FAST SPALTIST: Kjell Bitustøyl er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.

– Det styrtrike Noreg må bla opp meir til oppgradering av jernbanen

Publisert

Eit bilete har brent seg fast på netthinna mi: 

Toget på Nordlandsbanen som spora av og lokomotivet med vogner bak som fór utfor skrenten og møtte bakken i eit nådelaust krasj. 

På radioen sa dei at eitt menneske hadde mista livet. På ein augneblink skjøna eg at det måtte vera lokomotivføraren. Og det stemte. Han som sit fremst og styrer toget har ansvaret for at alle skal koma trygt fram. Samtidig er det han som er mest utsett når slikt skjer. Lokomotivføraren ofra livet, men passasjerane overlevde. Ei tragisk ulykke.

Eg elskar å køyre tog, og tanken på lokomotivføraren dukka opp då eg for ei stund sidan sat trygt i bakerste vogn på veg over vidda med Bergensbanen og såg lokomotivet som bukta seg der framme med alle vognene på slep gjennom eit tøft og ugjestmildt terreng, med bratte fjell og skrentar. Kva kjem rundt neste sving?

Fast spaltist: Kjell Bitustøyl

Kjell Bitustøyl er skribent, fagbokforfattar og fotograf. Oppvaksen i Rauland, busett i Bø sidan 1990. Har skifta yrke fleire gonger og fann vel eigentleg aldri heilt ut kva han ville bli. Men kultur og musikkformidling har vore ein raud tråd ved sida av naturopplevingar der fjell, reinsdyr og fuglar er favorittane. Det heile godt oppblanda med sosialt instinkt.

Men kva med toga og togførarane på vår banehalvdel i Midt-Telemark? 

Me har få rasfarlege skrentar og fjell, men derimot andre utfordringar. For passasjerane er uvissa knytt til om det gjeng eit tog i det heile tatt eller ein (forseinka) buss. 

Og kva tenkjer lokomotivførarane når det stadig er problem med stenging grunna tekniske problem eller personalmangel? 

For kva har skjedd etter privatiseringa? Det held med eit par døme: Eit Go-Ahead tog måtte køyre utan passasjerar mellom Kristiansand og Oslo. Grunn: Dei mangla konduktør! 

Parallelt med toget gjekk det bussar same vegen til Oslo med alle passasjerane! Av ein lokomotivførar eg kjenner har eg fenge éi forklaring på kvifor buss for tog skjer oftare enn før: Blir ein lokomotivførar sjuk, er det vanskeleg å hente ein frå eit anna selskap, det same gjeld om lokomotiva er i ustand. Slik har det blitt etter tidenes dårlegaste «reform», innført av den førre regjeringa. 

Eg har difor fylgjande ynskje for det nye året: Den styrtrike norske stat må bla opp endå meir midlar til oppgradering av jernbanenettet, også Nordlandsbanen, samtidig som ein framskundar deprivatiseringa av jernbanen som ein alt er i gang med og raskt syter for at toget på ny blir til å stole på gjennom meir statleg styring. 

Det ser ut til å vera einaste farbare veg, for ikkje å seie bane.

Powered by Labrador CMS