– Det var ikkje mi meining å ha negativ vinkling på innbyggjarar frå andre land
Dette er eit svar på lesarinnlegget «Eg stussar over ordføraren si utsegn om kommuneøkonomi» som har blitt publisert i nettavisa til Bø blad tidlegare.
Eg viser til lesarinnlegg datert 22. oktober 2024 frå Ragnhild Aarrestad, der ho stiller spørsmål ved at ordføraren har nemnt flyktningar når det gjeld krevjande kommuneøkonomi.
Aarrestad viser til at kommunen får statlege tilskot. I tillegg synest ho det er uheldig at ei solidaritetshandling med å ta imot flyktningar blir omtala i ein slik samanheng.
Først vil eg takke for engasjementet på vegner av våre flyktningar. Midt-Telemark kommune har hatt ei tverrpolitisk einigheit om å hjelpe menneske i naud, og dei siste åra har me busett fleire flyktningar enn større byar samanlikna med innbyggjartal, t.d. Skien og Porsgrunn.*
Det stemmer at me mottar tilskot frå staten til å dekke utgiftene ved busetting og integrering i busettingsåret og dei neste fire åra.
Dei siste åra har me likevel busett mange fleire flyktningar enn det me normalt har gjort. Dette har samanheng med det uverkelege åtaket på Ukraina i 2022. Det store talet har ført til at arbeidsmarknaden har blitt metta. Det tyder på at flyktningar som ikkje kjem i jobb blir ståande på kommunale ytingar.
Utgiftene har dermed blitt høgare enn det kommunen får i tilskot. Dette har også nasjonale politikarar lagt merke til.
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna hadde følgjande ytring 27. september i avisa VG for å forklare norske innstrammingar for ukrainske flyktningar: «Ukrainarar som får beskyttelse i Noreg, skal bli tatt godt imot. Samstundes byrjar det å bli fullt i norske kommunar. Det er mangel på bustader og press i velferdstenestene.»
Det var ikkje mi meining å ha ein negativ vinkling på innbyggjarar i Midt-Telemark som har kome frå andre land. Me er takksame for at dei bur her, og dei bidreg positivt til vårt lokalsamfunn. Det eg meinte var å få fram fakta når det gjeld auka utgifter, og at me no er i ein pressa situasjon for å kunne ta vare på alle våre innbyggjarar på ein forsvarleg måte.
*Sjå tal frå IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet): https://www.imdi.no/planlegging-og-bosetting/bosettingstall/
**Sjå lenke til oppslag i VG https://www.vg.no/nyheter/i/mP8Pd1/regjeringen-endrer-reglene-faerre-ukrainere-vil-faa-kollektiv-beskyttelse-i-norge