SIDESPRANG: Camilla Skiaker Mælen frå Akkerhaugen er fast spaltist i Bø blad.

– Det vil vise seg at ukritisk bruk av sosiale medium gjekk på helsa laus

Camilla Skiaker Mælen har vakse opp i Hardanger, og flytta frå det eine epleheradet til det andre (Sauherad) før tusenårsskiftet var eit faktum. Ho bur på Akkerhaugen med god oversikt over aktiviteten på Norsjø. Av yrke er ho lærar, og ho starta karriera på Akkerhaugen skule før ho flytta arbeidsplassen sin ut i periferien til Gvarv skole og vidare til Bø skule. Ho likar å strikke, har mann og fire barn og reiser med jamne mellomrom over Haukeli.

Publisert

Det har i alle tider vore profetar, spåkoner og vise menn som har meint dei kan sjå inn i framtida. Det har vorte spådd fødslar, tronge tider, kjærleikshistorier, sigrar og tap. Spådomane som stemde har kome i historiebøkene. Det har vore vitskapsmenn og filosofar som har skildra kva framtida vil bringa av ny teknologi og tankar om verda. Dei har som regel vorte mistrudd, og ofte straffa for å vera forut si tid.

I starten av 1990-talet sat eg framfor fjernsynet og kika på eit underhaldningsprogram. Programleiaren fortalde levande om eit stort nettverk av kommunikasjonstrådar som ville spreia seg utover og leggja seg som eit edderkoppnett rundt jorda. Det ville bli fylt opp av informasjon, og om du hadde ei datamaskin, kunne du hente ut noko av denne vage «informasjonen». Det høyrdest heilt utruleg ut.

Nokre år seinare fekk verda tilgang til WorldWideWeb. Spådomane lòt ikkje vente på seg. Nokon meinte at internett var ei motegreie som ville gå over, ei døgnfluge ein knapt ville hugse. Andre spådde at internett ville dominera dagleglivet vårt i framtida. Eg tvilar på at dei hadde fantasi til å førestilla seg omfanget me ser i dag!

Internett har nok kome for å bli. Det same kan me seie om sosiale medium. Eg heiv meg på bølgja i 2007 då Facebook vart kjend i Noreg. Ein artig hobby der ein kunne søka opp vener frå barneskulen og fornya venskapet på nett. Dei siste ti åra har det vore ein eksplosjon i bruken av sosiale medium, i omfang og i tilbod. Samfunnet uroar seg no over dei negative konsekvensane det har for ungdom å ha tilgang til heile verda i lomma. Sosiale medium har vorte ein arena for kommersiell påverknad, mobbing og utestenging.

Når regjeringa no foreslår å auka aldersgrensa frå 13 til 15 år på sosiale medium, så meiner eg dette har blitt spådd av fleire eg kjenner. Dei klokaste har også sett føre seg ei form for digital signering, noko regjeringa tenkjer kan bli det neste steget. Det kan hende dei er synske, men eg trur mest det er klokskap og sunn fornuft som snakkar.

Om eg skal prøva meg på ein spådom om framtida, så trur eg born og unge kjem til å verta mykje betre verna mot farane internett byr på. Den digitale døra vil berre stå på gløtt, og smelle fort att om mobbing eller uynskte gjester nærma seg. Erfaring vil visa at den ukritiske bruken av sosiale medium gjekk på helsa laus. Framtidas foreldre vil sjå tilbake på tida me lever i og riste på hovudet: «Kva var det dei tenkte»? Så står det att å sjå om spådomen slår til, jo før jo heller.

Powered by Labrador CMS