– Dette er til deg som må jobbe på jolekvelden
Det er å slå inn vidopne dører å skrive at det nærmar seg jol. Datoen er føreseieleg, men det er mange som har uføreseielege turnuslister.
Eg veit korleis det er å krysse fingrar for at politimannen og far i huset ikkje må ha seinvakt akkurat 24. desember, og korleis det er å skyte opp nyårsrakettar eller gå i 17. mai-tog mens pappa er på jobb for eit tryggare Telemark.
No i adventstida er det difor på sin plass å hylle dei som er på jobb til alle døgnets tider, fordi sjukdom, død, brann, ulykker, kriminalitet, oljeutvinning og vêret aldri tek fri.
Nokon av oss har jobbar der det ikkje akkurat er akutt fare for liv og helse eller samfunnskritiske funksjoner om me vert forseinka.
For mange år sidan vart ein forskarkollega ein annan stad i landet varsla om at ho var ein av dei som kunne verte tatt ut i streik om ikkje lønsforhandlingane førde fram. Ho lo høgt og sa at ho kunne gjerne setje seg framfor hovudinngangen til arbeidsgjevar med gul vest og kaffi på termos, men der kunne ho bli sitjande i fleire år før nokon etterspurde resultata frå studien hennar.
På lengre sikt er jobbane våre også kritiske for å få samfunnet til å gå framover, for det me forskar på i dag kjem deg til gode i morgon. Eller, kanskje ikkje akkurat i morgon, men du skjønnar kva eg meiner.
Kjære du som held transport og oljeplattformar i gang når det er jol, du som køyrer ambulansen eller står på operasjonsstova medan andre et pinnekjøtet.kjære du som rykker ut på meldingane om brann, og du som formidlar dødsbodskap. Kjære du som er utanlands i fredsbevarande operasjonar på vegner av Noreg medan andre har joleferie både ein og to veker, og du som yt omsorg til bestemor på sjukeheimen medan andre pakker opp gåver heime.
Det er mange i vårt lokalsamfunn som er på jobb jolekvelden, anten det er frivillig eller beordra. Nokre har andre høgtider dei feirar, og trør til ekstra når 24. desember berre er ein del av kvardagen.
Personleg må eg få sende ein ekstra tanke til dei som rykker ut frå Brenna når jolekvelden byr på vald i nære relasjonar, trafikkulykker og innbrot. Takksamen er stor for at me får ha vår politimann heime.
Måtte årets jol bli fredeleg for dei som jobbar med både folk og fe. Og ikkje minst at vêret spelar på lag så brøytemannskapa våre slepp å strø såpeglatte vegar når joleklokkene ringer.
Til alle de som held fortet jolekvelden: god vakt, god jol – og TAKK!