SAMTUN: Her frå ein konsert for bebuarar og tilsette ved Samtun på Hørte.

– Eg hadde håpa at Midt-Telemark Senterparti kunne by på litt nye grep

Eg ser at leiaren av Midt-Telemark Senterparti, Borgar Kaasa, har sendt ei høyringsfråsegn datert 6. oktober om NOU 2024:12, som gjeld håndheving av mindre narkotikaovertredelser.

Han er bekymra for auken i bruken av narkotiske stoff og der er eg og dei fleste andre einige med han. Rus kan føre med seg alvorlege problem både for den enkelte, pårørande og for samfunnet som heilhet.

Kaasa nevner spesielt kokain, og viser til ei undersøking i heile EU der Noreg ligg på ein tredjeplass i bruk blant aldersgruppa 15 til 34 år. 

At vi ligg likt med Danmark i undersøkinga er ikkje så rart fordi vi har ein nokså lik ruspolitikk. Det er større grunn til å merke seg det andre Kaasa refererer til i undersøkinga: at både Nederland og Irland har lågare bruk. 

Så lenge eg kan hugse har Nederland vore meir liberale enn oss, og i Irland ser ein nå på narkotikabruk som eit helseproblem framfor ei kriminell handling.

På grunnlag av tre dommar i høgsterett den 8. april 2022 måtte riksadvokaten sende ut eit rundskriv der han presiserte at fleire av maktmidlane som politiet gjennom fleire tiår hadde brukt i forbindelse med mindre narkotikasaker braut med norsk lov (og menneskerettigheiter) og derfor måtte opphøyre.

Kaasa skriv at auka bruk, beslag og utbreiing av kriminelle nettverk er eit resultat av at politiet ikkje lenger brukar dei ulovlege metodane i dette arbeidet.

Det er ein tvilsam påstand fordi desse sakene har auka jamt og trutt gjennom mange år både her heime og i andre europeiske land, både før og etter rundskrivet.

Dersom ein likevel trur at den auken vi ser nå er eit resultat av riksadvokaten si presisering, så er det lett å bli forleda til å tru at det bare er å gjere tidlegare brukte metodar lovlege for politiet, og så er problemet løyst.

Min påstand er derimot at å gjeninnføre tidlegare praksis som politiet ofte brukte i mindre narkotikaforseelser ved å endre lova, bare vil føre til at vi fortset som før. Det betyr også at vi framleis blir liggande trygt på tredjeplass i overdosestatistikken i Vest-Europa. Eg trur at Kaasa ikkje likar den tredjeplassen heller.

Nå har vi venta i tre år på at dagens regjering skal komme med sin eigen rusreform, men vi har ikkje sett noko til den hittil. Det er for dårleg!

Eg hadde håpa på at Midt-Telemark Senterparti i høyringsfråsegna kunne by på litt nye grep i arbeidet mot både lovleg og ulovleg rusbruk. 

Kva med å støtte opp om dei gode resultata som blant anna Samtun står for i arbeidet med å hjelpe dei som hamnar i vanskelegheiter på grunn av rusbruk. Regjeringa sitt ønske om å vektlegge økonomi/kvalitet i forholdet 60/40, vil medføre at behandlinga blir dårlegare og kan i verste fall føre til full nedlegging av institusjonar innan rusbehandlinga.

Ifølgje FHI’s dødsårsaksregister var det 363 narkotikarelaterte dødsfall og 450 alkoholutløyste dødsfall i Noreg i 2023.

Powered by Labrador CMS