FAST SPALTIST: Jarle Sten Olsen er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Eg reknar med at du har høyrt om Robek?

Publisert

– Alt har jo vorte så innmari dyrt, eg har ikkje råd til nokon ting.

Eg snakkar med mi studerande dotter, og eg leitar etter svar då ho held fram.

– Studielånet og stipendet strekk berre ikkje til.

– Kanskje du berre må prioritere, då? At du må velje bort det du ikkje treng, seier eg.

– Som kva då?

– Nei, det veit ikkje eg. 

Stille følgjer, og eg prøvar ein ny innfallsvinkel. 

– Kva med dei du studerer med, korleis klarer dei seg?

– Det er jo det eg ikkje skjønnar, dei klarer seg godt. Og dei får jo det same som meg i lån og stipend.

Fast Spaltist: Jarle Sten Olsen

Jarle Sten Olsen (61) er innflytta bergensar i Midt-Telemark, og bur nå i Roegrenda. 

Han er tidlegare TV-produsent, og vart omskulert til lærar då han kom til Bø i 2007.

Jarle er tilsett ved Hjalmar Johansen videregående skole i Skien, men er for tida videoprodusent i NDLA. I ledige stunder skriv han krimbøker.

– Kanskje du kan lære litt av dei?

Ny stille, og eg aner ei himling med auga.

– Har du laga budsjett, då, følgjer eg opp.

– Ja, eg har laga eit budsjett på alt eg vil ha, men pengane strekk ikkje til. Så då prøvar eg å bruke mindre enn budsjettert. Til dømes til mat. Om eg set opp 3000, så prøvar eg heller å bruke 2500.

– Klarer du det, då?

– Nei, det går jo ikkje. Så eg vurderer å få meg kredittkort.

– Kredittkort? Då vil du jo bruke pengar som du ikkje har.

– Joa, men då kan eg jo setje opp budsjettet slik eg vil.

No er det min tur til å himle med auga. 

– Du skjønnar vel at du ikkje bør bruke pengar du ikkje har? Om du ikkje kan betale tilbake, så vil kredittkortselskapet ta kontroll over økonomien din. På ein måte setje deg under administrasjon.

Ho blir fjern i blikket, og eg held fram. 

– Det beste er nok å lage eit budsjett som held vatn i utgangspunktet.

– Men eg ser inga anna løysing. Det er jo så mange ting eg treng, og ...

– Men om du ikkje har råd til det, så er det kanskje ikkje så lurt? Då vil jo ...

– Så kva skal eg gjere, då, avbryt ho.

Me blir ståande i tausheit nokre sekund. Korleis skal eg overtyde henne om at ho ikkje må overbudsjettere. 

– Eg skjønnar at det er vanskeleg, byrjar eg. 

– Og at det er første gong du lagar budsjett. Men om du med vitande og vilje set opp eit budsjett som du veit ikkje held vatn, så øydelegg du berre for deg sjølv. Tru meg, det finst vaksne folk som burde vite betre, men som gjer akkurat dei same feila. Ikkje gå i den fella.

– Kva meiner du?

– Eg trekkjer pusten, er nøydd til å fortelje kor ille det kan gå. 

– Eg reknar med at du har høyrt om Robek...?

Powered by Labrador CMS