Øyvind Førstøyl:
Eigedomsskatten opp 131 prosent
Som det står skrive i Bø blad den 28. november 2019 tilrår formannskapet ein auke i eigedomsskatten.
Då Bø kommune innførte eigedomsskatt i 2013 eller deromkring, vart alle eigedommar taksert, altså ein stor jobb med dertil kostnader, i staden for å bruke allereie tilgjengeleg verdigrunnlag frå skatteetaten. Dette synest nå å vera gløymd, for i ein bisetning skriv Bø blad at grunnlaget nå vil vera skatteetaten sitt verdigrunnlag. Lurt.