Sidesprang:

– Elefanten i rommet er kanskje sladderen
”Tale er sølv, men tausheit er gull” seier eit gamalt ordtak.
Dei som ikkje kan fordra småprat, eller såkalt small-talk på godt norsk, kan kjenne på dette ordtaket som ei trøyst når dei slit med å halde praten i gang. For kva er det å seie til allting? Det kan ein verkeleg lure på.
Mykje av det som skjer rundt oss er ikkje verdt å snakke så mykje om, ja, i mange høve ville det vore meir teneleg å halde kjeft. Likevel er det nesten eit mantra i dag om at alt blir betre dersom ein snakkar om det. Dei mange hjelpetelefonane er eit vitnemål om denne tankegangen. Diverre er det slik blitt at tilbodet er svært aktuelt for menneske som slit med einsemd, tunge tankar og vonde opplevingar dei må ha hjelp til å sortere i.
Kanskje hadde mange hatt ein betre kvardag dersom me hadde småprata meir. I løpet av ein dag er det situasjonar der me kunne stoppa litt opp for ein prat.
”Nydeleg ver i dag” eller ”no er det nok regn”, versnakket er ofte ei innleiing der innhaldet er sjølvsagt for dei som snakkar, men kontakten er skapt og praten kan lett gå over i andre, meir vesentlege spor. Samtalen kan bli kort eller lang, men den kan utgjere forskjellen på ein god og dårleg dag.
Praten i friminuttet, lunsjpausa, ved kopimaskinen, i butikken eller på gåturen skal ein ikkje forakte.
Ein kollega av meg var veldig god på å spørje ”Korleis har du det i dag på ein skala frå ein til seks?” Sidan me var lærarar var det sjølvsagt karakterskalaen han brukte. Sjølv om dagen var middels, tre pluss, så var det fint at han brydde seg.
Det at nokon viser interesse for oss og gir seg tid til ein prat, rører ved noko djupt menneskeleg. Ein treng ikkje alltid legge lista for praten så høgt, det næraste er ofte det mest interessante, anten det er nyhende i Bø blad eller verda rundt som sjokkerer eller gler oss.
Det er ikkje berre orda me seier som betyr noko, kroppspspråket med nikk, smil og augekontakt tel ofte meir enn det me seier.
Elefanten i rommet er kanskje sladderen, praten om folk er ikkje like god, men er av og til det mest interessante. Også det menneskeleg.