![MEINING: Meiningsinnlegg om å gå på beina i skiløyper.](https://image.boblad.no/330610.webp?imageId=330610&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=894&format=jpg)
Gvarv turlag: Velkomen til å gå i skiløypene våre
I Gvarv turlag ønskjer me at alle skal kome seg ut, og me inviterer folk til å bruke løypene våre.
Kvart år blir det diskutert i media om det er fint eller feil at folk skal gå på beina i skiløypene. Det er stor breidde i synet på det: Skal skiløyper vere berre for skiløparar, og i så fall kva skiløparar? Er skiløypene for dei som spring etter seg sjølv i kondomdress, eller for turgåarar i roleg tempo? Skal det berre gåast klassisk der, i trikkeskinnespor, av folk med smale ski, eller kan folk òg gå med breie fjellski? Kan ein skøyte der? Kan ein dra pulk der? Kan ein gå på beina i skiløypene? Er det egoistisk å gå på beina der? Kan gamle, høggravide og små born gå på beina der? Er det greitt å gå med hund der?
Det er mykje ein kan meine noko om. Og det blir meint i villen sky. Me i Gvarv turlag kastar oss på meine-lysta, og vil vere med i meine-noko-om-det-koret.
La oss ta ein tur til Oslomarka ein nydeleg vinterdag for mange, mange år sidan. Ei ung, høggravid dame tok bussen opp til nordenden av Maridalsvatnet, og gjekk på beina i skiløypa over vatnet, tilbake til byen. Finst det noko betre enn å gå over eit vatn, med sola imot over glitrande snø? Denne utfartssøndagen strålte sola imot den unge dama, om kapp med smilande andlet ho møtte. Men nokre få kom med sure kommentarar over at ho gjekk på beina i skisporet. Det folk som ho møtte, ikkje visste, var at denne dama levde i eit tøft mishandlingsforhold, og hadde klart å kome seg ut denne eine dagen, og få ei god oppleving, eit pusterom i det vanskelege livet sitt.
Eg kom i prat med henne. Det danna grunnlaget for mitt syn på om folk skal få gå på beina i skiløyper, eller ikkje. Litt usakleg, tenkjer du kanskje, men ein veit aldri kva den som ein møter i løypa, ber på i livet.
Kjære skigåar som ikkje er glad for at folk går på beina og gjer at løypa blir litt meir ruglete: Gi folk som går på beina eit smil, ikkje ein sur kommentar! Unn dei å gå der! Og så kan du jo smile og vere glad for at du er i ein livssituasjon der du er i stand til å gå på ski i skiløypa.
Eg er veldig glad for og stolt av at eg kan seie frå Gvarv turlag: Løypene me køyrer opp, er for alle: Unge, gamle, med og utan ski. Me køyrer ikkje trikkeskinnespor, og tek ikkje løypeavgift, men me køyrer gode tråkk du kan følgje gjennom stille, vakkert skogsterreng. Både folk og fe ferdast der på ymse vis. Er du heldig, kan du kome til nokon sitt bål og ete nista di saman med dei.
Ikkje ha dårleg samvit for å gå på føtene i løypene våre, for løypekøyraren vår seier at han «er veldig positiv til at alle brukar løypene, om du brukar ski, beina, kne, krabber, truger, bikkjer osv.» Velkomen til å bruke løypene våre i Skåråfjell og i låglandet, alle som ein!