Sidesprang:

FAST SPALTIST: Kine Lundefaret er fast spaltist i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.

– Ha det bra til sykkelbygda

Publisert

Sjå for deg dette: Midt-Telemark kommune vart over natta ein søkkrik kommune, la oss seie det, heilt monstrøse mengder pengar. 

Berre følg meg her. Fortetting av sentrum hadde vorte til skyskraparar på kvar side av gata. Ruvande bygg med heis og resepsjon, med lampar i krystall og golv av marmor. Bygga hadde fått flotte tilnamn, til dømes Sønstebø Tower og Almankås Residens. Utsikt til Lifjell? Det er berre å gløyme. Berre dei som likar å gå toppturar eller bur heilt øvst i Breisås sør hadde sett noko til den.

Fast spaltist: Kine Lundefaret

Kine føler seg heldig som får jobbe kreativt i sykkelavstand frå huset sitt, som ho deler med ein mann og tvillingar på sju år. 

Ho har jobba ti år i TV 2, og bistår nå bedriftar med alt frå tekst til strategi som prosjektleiar og rådgjevar i marknadsføringsbyrået Superlativ. 

Ikkje at du spurde, men Midt-Telemark-favorittane hennar er surdeigsbrød frå Bø brød, bokanbefalingane til Heidi på Bø bok og papir, middag på Provence (eller i hagerestauranten på Lindheim når den er open), jålete kaffe frå Rast eller Husly og eit kaldt bad i Norsjø.

Parkeringsmoglegheitene i sentrum hadde det vorte verre med, dei var alle opptekne av lange limousinar, som treng to parkeringsplassar kvar for å få plass. Rike folk køyrer limousin, det veit alle. Ha det bra til sykkelbygda.

På kommunehuset sat kommunestyret og åt hummer-bisque (for kven et suppe eigentleg?) og klekte ut nye finansierings- og investeringsmoglegheiter. Investere i utlandet, eiga gate i London kanskje? Eller her heime, kva med sjølvkøyrande bussar på tvers av kommunen, ei kopi av Eiffeltårnet midt i sentrum eller helikopterflyplass på Lifjell? Moglegheitene er mange med milliardar på bok.

Alle dei folkevalde skulle vere kledde i dyre dressar og flotte kjolar, og på føtene, lakksko sjølvsagt. Det som er dumt med lakksko er at dei ikkje er eigna fottøy for vinterføre. Utruleg glatte! Så det hadde dessverre vorte ein del sjukemeldingar og krykker der.

Bø blad hadde gjort eigne investeringar i takt med den økonomiske situasjonen i kommunen og fått sin eigen TV-kanal for å distribuere nyhende, mest om finans. Alle nyheitssendingane hadde stilig vignett, og sendingane var fulle av dronebilete og helikopterlyd i bakgrunnen.

Eller, skulle me berre ha flytta heile kommunen til Sveits?!

Knips-knips! Vakne! Hallooooo.

Å akk, ein kan drøyme. Og det er jo langt frå dette me vil. Takk og pris for god utsikt til fjellet, eit mål om at fleire skal sykle og folkevalde med gode sko. Så får me heller tole at det er litt mørkt på Gullbring.

Powered by Labrador CMS