MEINING: Mari Larsen, generalsekretær i LHL, framfor Stortinget.

Hjartet overlever, men kva skjer?

Publisert

Året er 1994 og du får hjarteinfarkt. Du blir plassert på ei seng og monitorert. Er du heldig går det over av seg sjølv. Er du ikkje så heldig får du kanskje hjartesvikt. Det var nok ikkje slik for alle, men det vi med sikkerheit kan seie er at heldigvis er ikkje året 1994. 30 år har passert og dødelegheita etter eit infarkt har gått dramatisk ned.

Kvart år rammast over 10 000 nordmenn av hjarteinfarkt. Vi har eit moderne helsevesen som reddar liv gjennom rask og effektiv behandling. Året er 2024, du har nett overlevd eit hjarteinfarkt, fått ein effektiv og trygg behandling og skal ta fatt på ein ny kvardag. Men korleis gjer du det? Kva skjer no?

Mange får ikkje den oppfølginga dei treng. På Verdas hjertedag, 29. september, har vi lyst å seie høgt «Kva no?» på vegne av alle dei som rammast av hjarteinfarkt, som overlever. Rehabilitering og etterbehandling er ikkje berre viktig, men heilt nødvendig, og det er på tide at både kommunane og sjukehusa tar ansvar for å sikre at pasientane får den hjelpa dei treng etter eit infarkt.

Livet etter hjarteinfarktet - ein kamp for mange

Å overleve eit hjarteinfarkt markerer ikkje slutten på behandlinga. For mange er det starten på ein lang veg tilbake til kvardagen. Ein veg som kan vere unødvendig tung, rett og slett fordi dei ikkje får den oppfølginga dei treng etter utskriving frå sjukehuset.

Ein studie i samband med Helseatlas hjarteinfarkt viste at av dei 37 000 pasientane som blei følgde i seks månader etter eit infarkt, var det berre 14 prosent som fekk den tilrådde hjarterehabiliteringa. Denne rehabiliteringa er bevist å redusere dødelegheit, førebyggje reinnleggingar og betre livskvaliteten for pasientane. Likevel er det berre ein liten del av hjartepasientane som får tilgang til denne livsviktige oppfølginga.

Ikke nok med at det er forsvinnande få som faktisk får eit adekvat tilbod. Det er også avhengig av kor du bur. Medan berre 4 prosent av pasientane i Helse Nord deltek i rehabilitering, får 16 prosent av pasientane i Helse Sør-Øst dette tilbodet. Det viser at kor du bur i Noreg også avgjer kvaliteten på oppfølginga etter eit infarkt. I tillegg fell deltakinga drastisk etter fylte 65 år, trass i at eldre pasientar ofte har større behov for denne typen behandling. Dette er urettferdig. LHL meiner alle hjartepasientar fortener lik tilgang til rehabilitering, uansett kor i landet dei bur eller kor gamle dei er.

Rehabilitering som reddar liv

Hjerterehabilitering handlar om meir enn berre fysisk trening. Den bør inkludere psykososial støtte, røykeslutt, kosthaldsrettleiing og medisinsk oppfølging - ein heilskapleg tilnærming som hjelper pasientar med å redusere risikoen for nye infarkt. Dessverre er rehabiliteringstilboda svært varierande, og mange stader manglar det heilt nødvendige ressursar for å tilby pasientane eit skikkeleg opplegg.

For mange pasientar endar det med at dei blir sende heim utan klare råd for korleis dei skal handtere sin nye tilværelse. Dei får ikkje nødvendig informasjon om medisinar, livsstilsendringar eller korleis dei skal handtere den psykiske belastninga etter eit hjarteinfarkt. Konsekvensane av dette kan vere fatale - både for den einskilde sin helse og for samfunnet som heilskap.

Kommunane si rolle i oppfølginga

Når ansvaret for oppfølginga av hjartepasientar blir overført frå sjukehusa til kommunane, er det her mange av dei største hola oppstår. Altfor ofte manglar kommunane ressursar eller tilrettelagde system for å tilby eit fullverdig rehabiliteringstilbod. Og her treff vi kjernen i utfordringane vi har i dag: Vi har ikkje helsepersonell nok til å handtere eit rehabiliteringstilbod, men ser ikkje langt nok inn i glaskula til å sjå at rehabilitering vil føre til færre pasientar, mindre belastning og auka kapasitet. Vi må våge å investere i langsiktige tiltak for å få gevinst over tid.

Hjerterehabilitering må ikkje sjåast på som ein ekstrateneste - det er ein naudsynt investering i framtidig helse, både for pasientane og for samfunnet som heilskap.

Verds hjartedag som ei vekking

På Verds hjartedag vil LHL minne om at hjarteinfarkt ikkje berre handlar om akuttbehandling. Det handlar vel så mykje om kva som skjer etterpå. Dei som har overlevd, treng og fortener å leve gode liv utan frykt for nye infarkt.

Vi har både kunnskapen og verktøya som trengst for å sikre betre oppfølging av hjartepasientane. No er det på tide at vi set handling bak ord. LHL oppfordrar både kommunar og sjukehus til å satse på rehabilitering, og til å få til eit betre samarbeid. Vi treng rehabilitering for alle hjartepasientar, slik at ingen blir overlatne til seg sjølv etter eit infarkt. Det er ei investering i liv, helse og framtid.

Powered by Labrador CMS