– Hugs at skjermane i skulen ikkje er lovpålagde
Eg vil gjerne få tipse om ein budsjettpost som ikkje er lovpålagt: IKT-skule, altså alle skuleskjermane. Å kutte i denne posten er, slik eg ser, utelukkande positivt! Ei rein gla'sak, oppi alle dei andre krevjande kutta.
Det er kostbart at alle elevar skal ha sin eigen skjerm kvart år gjennom heile grunnskulen. I investeringsbudsjettet står no post 2403 IKT-skule oppført med 3,2 millionar kroner årleg. Dei siste sju-åtte åra har investeringar knytt til IKT-skule lege på cirka tre millionar kroner i året. Det er betydelege summar.
Driftskostnadene knytt til elevskjermane trur eg kan oppsummerast slik:
· Innkjøp av digitale lisensar til kvar skjerm
· Ca. 0,5 stilling som er øyremerkt «IKT-ansvarleg/rettleiar» på kvar skule
· Nome og Midt-Telemark IKTs arbeidsinnsats til innkjøp og administrasjon av alle elevskjermane
· Pedagogisk IKT-gruppe, og arbeidet dei gjer
· Ressursar til opplæring av lærarar og tida dei brukar på det
Kunne desse ressursane og stillingsprosentane vore brukte på ein annan måte, om kommunen ikkje hadde alle desse elevskjermane å halde styr på?
Bruk av og tilgang til skjerm er ikkje regulert i opplæringslova. Det er kanskje praktisk for IKT at alle skal ha eigen skjerm, men kommunane og skulane har handlingsfridom.
Lærarar i kommunen har allereie foreslått at skjermar kan delast og trinn kan ha skjermfrie år (mens elevane som av pedagogiske grunnar treng ein eigen skjerm sjølvsagt må få det). Lærarane må seie kva nøkternt minimum av skjermar dei treng for å gjere jobben sin, og så må IKT-innkjøpa tilpassast det. Det må vere brukarane og læringsutbyttet som skal vere styrande for IKT-investeringa i skulen, ikkje omvendt.
Kunnskapsministeren er tydeleg på at digitaliseringa av norsk skule har feila. Nyleg viste i tillegg ei internasjonal undersøking at fire av ti norske niandeklassingar skårar på dei lågaste nivåa i digital kompetanse, trass i at norsk skule har gitt dei aller fleste skjermar gjennom heile skuleløpet. Kan vi forsvare å fortsette med personlege elevskjermar, når det ikkje er lovpålagt og beviselig ikkje tener føremålet?
Vi sit fast i skjermklisteret, som fluger på flugepapir. I eit kommunenoreg som må spinke og spare på det meste, framstår dagens skjermtilgang i skulen som overflod. Det er skjermane som skal tene oss, ikkje vi som skal forsørgje tek-industrien. Kanskje tida er inne for å røske seg laus og bruke handlingsfridomen vår, om ikkje anna enn for å kutte kostnader. Så får alle dei andre positive ringverknadene av mindre skjermbruk kome som ein stor bonus.
Tusen takk for innsatsen til både administrasjonen og politikarane, og lukke til med budsjettforhandlingane!