![MEINING: Merete Kaste.](https://image.boblad.no/247954.webp?imageId=247954&width=960&height=548&format=jpg)
- Hundepark til beste for kven?
Den siste tida har me lesarar av Bø Blad blitt presenterte for to artiklar som omhandlar etablering av hundepark i Evjudalen. Den siste er eit lesarinnlegg av Janne Djuvet datert 11.02.25. Ho representerer organisasjonen Hundepark i Bø.
Ho hevder at ho byggjer teksten sin på fakta og erfaringar. Hundeparkar er allereie etablerte andre stader i landet, særleg i større byar. Kva er så ein hundepark? Fins det ein definisjon på omgrepet? Eg ser Norsk Kennel Klubb (NKK) prøver seg på å beskrive bakgrunn og mål for slike område.
https://www.nkk.no/om-nkk/nkk-mener/bandtvang/slik-far-vi-mindre-bandtvang/friomrade-for-hund/
«Friområda kjem i ulike storleikar og variantar. Nokre er inngjerda, andre ikkje. Fellesnemnaren er at området er tydeleg merka, og fritatt for bandtvangsbestemmingane. Som betyr at uansett kva slags bandtvangsreglar kommunen elles har, vil det vere mogleg for hunden å bevege seg utan band i ein hundepark.»
NKK skildrar bandtvang som ei avgrensing og kontroll dei har som mål å redusere. Dei har ein tydeleg agenda. Kommunalsjef Kortner Ryen uttaler i formannskapet 03.02.25 at Evjudalen er ueigna til føremålet då parken er open for alle og skal vere rekreasjon utan å setje grenser for fri ferdsel. Eit høgt gjerde som stenger andre ute vil påverke dette.
Kortner Ryen tek òg opp kva forventningar og oppfatningar Hundeparken sine medlemmar har til kommunen sine plikter. Å skulle stenge delar av indrefileten i Bø sentrum for store grupper av befolkninga er hårreisande etter mitt syn. Det vil òg redusere kvaliteten på den gjenværande delen av parken for mange av oss. I tillegg er det å forvente at kommunen som per i dag har meir enn nok å ta seg av (og vil i all framtid, både nær og fjern få nærast uendeleg meir krevjande oppgåver) skal leggje til rette òg for hundehald som er ein frivillig hobby/livsstil som brer om seg urealistisk.
Det eventuelle faktum at over 25 prosent av hushalda i kommunen har minst ein hund, kvalifiserer ikkje for kommunal luftegård, slik eg ser stoda til kommunar generelt i 2025. Det offentlege hjelper oss frå før me ser dagens lys og fram til festen er slutt med livsnødvendige oppgåver og auke av livskvalitet. Men der går ei grense for kva me kan forvente. Eg meiner hundepark fri for bandtvang nært opptil barn, familiar på tur, eldre som held seg fysisk aktive i vår flotte fellespark, er noko dei som ønskjer ein slik arena bør la kommunen, som i desse dagar susar inn i Robek, få sleppe å bruke tid og pengar på.