MEINING: Per Atle Einan, Sosialistisk Venstreparti (SV).

– Ingen flyktningar betyr dramatisk nedtrapping av eit fagmiljø

Publisert Sist oppdatert

Ingen flyktningar til Midt-Telemark. Det kan bli konsekvensen dersom kommunestyret følg formannskapet si innstilling. 

Det betyr ei dramatisk nedtrapping av fagmiljøet på Akkerhaugen. Vaksenopplæringa der vil ikkje få fleire nye elevar i 2025. Dei som jobbar med introduksjonsprogrammet får gradvis mindre å gjere etter kvart som deltakarane som allereie er her går ut av programmet.

Størst konsekvens får det likevel for nokre av dei som no ikkje får kome hit å finne den tryggleiken dei treng.

Tenk deg ei mor med nokre små barn som blei skyssa i tryggleik og fekk kome hit etter at krigen braut ut, mens mannen måtte vere attende for å forsvare landet sitt. Dei har levd kvar dag i uvisse og redsle for at pappa skal bli drepen i krigen. No er kanskje han dimittert etter lang teneste, eller har fått ein krigsskade og får lov til å kome etter familien sin. Barna kan få tilbake pappaen sin. Men ikkje om dei bur i Midt-Telemark kommune, då får han ikkje kome heim til dei. Fordi politikarane meiner det kostar for mykje..

Tenk deg besteforeldra som reiste frå barn og barnebarn fordi dei ikkje ville forlate heimlandet, men som no ikkje ser anna råd. Dei gler seg til å gjenforeinast. Til å stilne saknet dei har kvar dag og til igjen å få vere med barnebarna sine og bli ein familie igjen, men då kan dei ikkje bu i Midt-Telemark kommune. For det seier politikarane nei til.

Tenk deg ungdomen som kanskje ikkje får halde fram med utdanninga si på grunn av krigen. Ho har kanskje vener her. Vi har universitet og ho vil kome hit å studere saman med venene sine, men det får ho ikkje. Politikarane seier nei fordi dei meiner ho kostar for mykje.

Formannskapet, med fire mot tre røyster, går for å seie nei til busetjing av flyktningar i 2025. Null personar. Dei meiner at kommunen vil spare fire millionar på det. Det tvilar eg på. Busetjing av flyktningar er på landsbasis finansiert frå staten med jamt 90 prosent av utgiftene. Då er ikkje innbyggjartilskotet medrekna.

Dei to siste åra har utgiftene til sosialstønad auka betrakteleg. Det har å gjere med dei ekstremt høge talet på personar som har kome, samt ein høg prosentdel over 60 år, som ikkje har rett til statleg pensjon eller andre statlege ytingar, og heller ikkje er særleg attraktive i arbeidsmarknaden.

Samtidig har alle dei som har kome på kollektiv beskyttelse dei siste to åra berre rett til introduksjonsprogram med introløn i seks månader, maks eit år. Dermed hamnar dei på sosialbudsjettet før dei lærer seg nok norsk til å kome ut i jobb.

Vi gjekk i formannskapet inn for å busetje 20 personar neste år. Ikkje fordi vi ikkje vil sende eit signal til regjeringa om at dei må slutte å underfinansiere kommunane, eller fordi vi ikkje vil redusere utgiftene, men for at folk som har spesielle grunnar til å kome hit, må ha den moglegheita.

Vi trur òg at ei gradvis nedtrapping betre ivaretek det kommunale fagmiljøet. Vi trur ikkje at nedgangen frå 75 busette i 2024 til 20 i 2025 vil påverke sosialbudsjettet negativt. 20 personar er innanfor den historiske normalen kva gjeld busetjing. Dessutan ville dei òg gjeve oss 8-10 millionar i tilskot i løpet av dei to første åra.

 

Powered by Labrador CMS