MEINING: Mari Larsen, generalsekretær i LHL, framfor Stortinget.

Jobbsøknad: Frivillig søkjer frivillig arbeid

Publisert

Hei! Eg heiter Jon, er 59 år gammal, gift, har to vaksne barn og eit barnebarn på veg. Eg er 100 prosent ufør etter å ha blitt diagnostisert med KOLS. Sjølv om eg har måtta forlate arbeidslivet, har eg framleis eit brennande ynskje om å bidra.

På jobben før eg vart sjuk, treivst eg godt. Me var ein samansveisa gjeng, og eg tok på meg ansvaret for å lage kaffi til alle kvar dag. Eg hugsar spesielt éin kommentar frå kollegaen min, Odd-Einar, som sa: «Tenk at du frivillig lagar kaffi til oss kvar dag.» Og ja, det stemmer - eg gjorde det heilt frivillig. Ikkje fordi eg måtte, men fordi eg likte å gi det vesle ekstra til dei rundt meg. Den koppen med varm kaffi gav Kristin, som hadde små barn og ei sjuk mor, ein liten pause. Den gav Toralf, som gjekk gjennom ei vanskeleg skilsmisse, ein oppmuntrande start på dagen. Og Odd-Einar, ja, han var ofte takksam for å sleppe å lage kaffi sjølv etter å ha sove litt ekstra. Det var mitt bidrag til fellesskapet, heilt frivillig, kvar einaste dag.

Slik kunne ein jobbsøknad som frivillig sjå ut. Men heldigvis treng ein ikkje søkje om å få vere frivillig - det er ope for alle som vil bidra. Det er nettopp det som er så flott med frivilligheita. Ho gir dei som er i og utanfor arbeidslivet ein moglegheit til å gjere ein forskjell.

Men frivilligheita treng støtte. Ho treng rammer, ressursar og verktøy for å kunne blomstre.

LHLs frivillige utgjer allereie ein betydeleg forskjell i lokalsamfunnet. Me bidrar med ei rekkje aktivitetar som kan gjere kvardagen enklare for mange som elles er avhengige av kommunale tenester. Gjennom likepersonstenesta gir me støtte til menneske som går gjennom dei same utfordringane me sjølv har opplevd. Våre frivillige hjelper også med praktiske gjeremål, slik som å handle, køyre til legeavtalar, eller bistå med enkle oppgåver i heimen - tenester som avlastar kommunen. I tillegg skaper me sosiale fellesskap og arrangerer trimaktivitetar, som gir folk høvet til å møtast, røre seg og motverke einsemd. Desse aktivitetane bidrar til å oppretthalde både den fysiske og psykiske helsa hos mange av dei som har størst behov. Saman gjer me liva til dei som treng det betre.

I dag står norske kommunar overfor ei stor økonomisk krise, med eit samla underskot på over 10 milliardar kroner i 2024. Det er urovekkjande at 85 prosent av kommunane seier at dette rammar pleie- og omsorgssektoren. Det er tenester som er pressa på grunn av personellmangel, høgt vikarbruk og aukande utgifter til overtid. No står mange kommunar overfor kutt. Og me i LHL fryktar at helsefrivilligheita kan bli ein av taparane i denne innsparingstida. Det vil vere ei alvorleg feilvurdering.

Helsepersonellkommisjonen har åtvara om at Noreg kan stå overfor ein mangel på opptil 40 000 helsearbeidarar innan 2035. Dette betyr at me må finne alternative måtar for å sikre eit velfungerande helsevesen i framtida. Frivilligheita kan vere nett den ressursen me treng.

Statsminister Jonas Gahr Støre sa det godt i 2022: «Frivilligheten er noko av det finaste me har i Noreg.» Ja, Jonas, det er heilt rett. Og no er tida inne for å sjå frivilligheten som ein integrert del av løysinga på helsevesenets utfordringar. Frivillighet er ikkje ein utgiftspost - det er ein ressurs som kan avlaste det offentlege helsevesenet.

Når kommunane no slit med å rekruttere personell og må ty til dyre vikarar og overtid, bør det ringe ein varselbjelle. Me må legge til rette for at frivillige som Jon kan bidra til eit berekraftig velferdssamfunn. Det er på tide at kommunane gir helsefrivilligheita dei ressursane og rammene den treng for å halde fram sitt viktige arbeid.

Me i LHL er klare til å samarbeide med kommunane. Me ønskjer å hjelpe til, men det krev at kommunane ser oss som den verdifulle ressursen me er, og ikkje overser frivilligheita i jakta si på innsparing. Økonomiske utfordringar kan snus til moglegheiter for frivilligheita - om me gir den rette støtta.

Til lokale folkevalde: Gi Jon, og alle andre som ønskjer å bidra, høvet. Sats på frivilligheita!

Powered by Labrador CMS