MEINING: Energiminister Terje Aasland frå Telemark.

- Joda: Noregsprisen kjem!

Arbeiderpartiet vil sikre folk rimeleg straum og stabile prisar. Derfor har vi lansert ordninga Noregspris: tilbod om fast pris på 40 øre/kWh - inkludert for fritidsbustader og hytter.

«For godt til å vere sant» har vore reaksjonen frå mange. Ordet «valflesk» - altså noko ein berre lovar før val - har også blitt brukt. 

Men det er feil. Noregspris-ordninga kjem. Den må nemleg vedtakast av Stortinget dette vårhalvåret - altså før valet - om den skal kunne innførast innan 1. oktober, og det skal den. 

Så dei som tenkjer at dette vil vere ei god løysing for seg og sine, kan berre byrje å førebu seg. 

Powered by Labrador CMS