MEINING: Ingebjørg Strand.

– Kan eit kutt i kafé­drifta i Gullbring kulturhus på sikt bli til større utgifter?

Publisert

Overskrifta i siste Bø blad om kutt i kafédrifta til Gullbring kulturhus vekte meg!

Av og til synest eg logikken i kommunens argument om kutt i drift som handlar om økonomi har i seg store manglar. Kutta kan slå feil og dersom argumenta eller manglande tal i datagrunnlaget ikkje blir tydeleggjort, kan vurderingane bli feil eller mangelfulle. Det kan oppfattast som ein risikosport.

Mitt spørsmål er: Kan eit kutt i kafédrifta i Gullbring kulturhus på sikt bli til større utgifter?

Personleg er eg ein over gjennomsnittet brukar av Gullbring. Derfor bryr eg meg, det huset har stor verdi for meg. Derfor veit eg også at kafeen/resepsjonen fungerer som eit allsidig samlingspunkt og personar kan ikkje bytast ut med fleire automatar enn det alt er der.

Fleirtalet i formannskapet vil ha ny vurdering av om ein kan flytte biblioteket til Gullbring Kulturhus. Alt handlar om pengar. Ynskje er å kutte i budsjettet med 2,7 millionar kroner, og dei foreslår å ta det meste frå kafédrifta. Er eg redd for at vinninga her kan gå opp i spinninga.

Kafé Olsen i Gullbring er ikkje ein vanleg kafé. Den er navet i Gullbring Kulturhus - eit hus med mange aktivitetar. Huset rommar kinosal og scene, har utstillingar, moderne symjehall, treningssenter, konferanse- og møtelokale, og sist men ikkje minst; her er ein betjent kafé som er navet i huset.

Eg oppfattar kafeen som ein samlingsplass for alle som kjem innanfor dørene, og eit knutepunkt i huset sin kulturelle motor. Mitt poeng er at kafeen er også ein organiseringsarena. Skal du til dømes ha ein billett til symjehallen, til kinoen eller ein konsert får du hjelp av ein person der og då - eit tilbod til alle oss brukarane av Gullbring og som ikkje er flinke IT-brukarar. Her kan du også hente ut gjengløymde gjenstandar. Sjølv har eg gløymt att badedrakt, handklede og klokke. Og - du kan også som ein ekstraservice kjøpe "Ruter til Altibox" i kafeen.

Dette viser at Kafé Olsen i Gullbring ikkje er ein vanleg kafé men ein betjent kafé som yter god service på mange arenaer.

Neste spørsmål: Ynskjer vi ein kafé / resepsjon utan personale?

Midt-Telemark kommune er ein kulturell føregangskommune. Som fellesnemnar er Gullbring Kulturhus særs viktig når arrangement skal gjennomførast. Ein sentral aktør er og blir kafeen og personalet der. Dei kan låse opp og gje rettleiing og/eller svare på spørsmål

Eit upersonleg eller ei lite imøtekomande oppleving kan framkalle irritasjon når det ikkje er nokon å spørje. Dei tinga kan påverke brukaropplevinga negativt og på sikt medføre at besøkstalet går ned og det betyr mindre inntening.

Eit anna viktig punkt er tryggleiksutfordringar. Det er ein balanse mellom teknologi og den menneskelege nærværet som er viktig i eit kulturhus når tilliten og samhaldet blir sett på prøve, kan innkomne pengar gå tapt.

Vil avslutte med eit ynskje om at Gullbring Kulturhus kunne få litt fred no til å byggje seg opp. Kafeen har over tid arbeidd med å redusere kostnader, og dei har lukkast. Akkurat dette skulle dei ha fått meir positive tilbakemeldingar på.

Eg undrar meg over ein setning i reportasjen eg las i Bø blad. Her vises det til på side fem til Ingmar Bråten frå partiet Høgre: ”…at innsparinga av kafédrifta må skje i samarbeid med USN”. Forslaget fekk jammen fleirtal i formannskapet. For meg blir dette feil, USN er ikkje ein part i Gullbring Kulturhus. Ja, dei er ein viktig leigetakar, men USN har eigen kantine for sine eigne tilsette, besøkande og studentar. Deira kantine stenger i tre tida, og er stengt i helger og feriar.

Kva med brukaranes stemmer i Midt-Telemark?

Som brukar har eg sett, opplevd og erfart at dei som jobbar i kafeen har mykje å gjere i og med alt arbeidet med og rundt kafeen. Desse gjeremål som kan verke usynlege, men når dei ikkje blir gjort kjem det tydelegare fram.

Dei tilsette har blitt pålagde å spare inn på utgiftene. Det har dei klart og det er ikkje småpengar. 1,2 millionar er det høgaste talet eg har høyrt. Så honnør til dei. Det er jo eit godt poeng i saka. Truleg har ikkje formannskapet fått dette med seg.

Min konklusjon. Det er ikkje rett å strupe det økonomiske grunnlaget for denne multikulturelle møteplassen, navet og motoren i Gullbring Kulturhus. Fjernar ein varmen, hygga, miljøet og atmosfæren i huset kan ynskje om økonomisk styring bli skadelidande.

Powered by Labrador CMS