Kommentarar på avveg?
Da Bø blad la ut sin artikkel på avisa sin Facebookprofil tysdag 5. november, som omhandla kommunestyret si store sak dagen før, nemleg budsjettet for neste år, begynte kommentarane raskt å hagle inn.
Det utarta seg og har endt opp med ein kaskade av trakassering krydra med ein dæsj truslar. Korleis stiller Bø blad seg til dette?
Lesarinnlegg i papiravisa blir alltid lest gjennom av redaksjonen og eventuelt sensurert dersom det blir oppfatta som upassande, men på digitale plattformer er det fritt fram å skrive det som faller ein inn i øyeblikket, uavhengig av sinnstilstand og andre fråverande sperrer.
Det kjennest ikkje greitt å lesa karakteristikkar totalt blotta for rot i verkelegheita som omhandlar våre offentlege personar.
Korleis kan innbyggjarar i kommunen bli inspirert til å engasjere seg politisk med frivillig innsats for fellesskapet når ein blir utsett for sjikane på dette nivået?
Og dei tilsette i kommunen på leiarnivå, skal dei måtte lesa på lokalavisa si digitale plattform at nokon skal gå saman for å ta dei, da dei er både griske og inkompetente?
Ser at nokre aviser legg ut ei oppfordring øverst i kommentarfeltet om å følge debattreglar slik som til dømes at sterke påstander må dokumentarast.
Ein kommentar på eit avisinnlegg oppfattast som noko anna enn eit innlegg ein postar på eigen profil. Kunne Bø blad vurdere å lage seg debattreglar?