Heidi Stavrum, Professor i kulturstudiar ved USN, stiller seg
Helle Friis Knutzen, USN
– Korleis driv ein eigentleg kulturpolitikk i Midt-Telemark kommune?
Det er med uro eg les i Bø blad at formannskapet går inn for å flytte biblioteket i Bø frå Sparebankbygget i Bøgata til Gullbring. Dette på bakgrunn av eit saksgrunnlag som i følgje utval for kultur og oppvekst ikkje gjev nok informasjon om dei økonomiske konsekvensane. Utval for kultur og oppvekst peikar også på at dei ynskjer meir informasjon knytt til involvering av brukarar og tilsette i tenestene det gjeld. Endeleg kan ein også lese i Bø blad at administrasjonen i kommunen ikkje tilrår flytting. Formannskapet går altså både imot tilrådinga frå administrasjonen og imot vedtaket til utval for kultur og oppvekst.