– Korleis kan me halde fram med hyttebygginga?
I Bø blad 10. oktober 2024 står det at vedtatte utbyggingsplanar vil legge beslag på 4000 kvadratkilometer areal i Norge, derav hytter og fritidsbustader med det doble av arealet til bustader.
I medlemsbladet til DNT (Den Norske Turistforening) nummer 3-2024 står det eit interessant tema med følgjande overskrift: "Har hyttekosen blitt naturens fiende"? Her er det gjeve følgjande opplysningar: I dag er det cirka 450 000 hytter i Norge, og ein fjerdedel av desse er bygd etter årtusenskiftet.
Sidan 1992 har vi mista inngrepsfri natur på storleik med 1,4 millionar fotballbaner. Sidan 1980-talet har farten på norsk hyttebygging auka med 400 prosent. I året 2022 åleine var 6690 nye hytter klare til innflytting.
Norske kommunar har sett av eit areal tilsvarande 200 000 fotballbaner for fleire hytter. Ifølgje FN står vi midt i ei naturkrise som mellom anna fører til artsutrydding. Likevel byggjer vi ned 79 kvadratmeter norsk natur kvart einaste minutt gjennom året. (gjeld vel ikkje berre hyttebygging).
Sidan år 2000 har gjennomsnittet av hyttearealet auka til nesten det doble, med tilsvarande komfort. Infrastrukturen er vesentleg endra, og i dag ser vi eksempel på total rasering av terrenget med nedhogging av skog, større sprengnings- og fyllingsarbeid osv.
Kan vi halde fram slik, og er dette bærekraftig?
Temaet i medlemsbladet til DNT som eg viser til er opplysande og illustrerande, og det kan tilrådast å lese.