![FAST SPALTIST: Kjell Bitustøyl er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Hilde Eika Nesje](https://image.boblad.no/288623.webp?imageId=288623&width=960&height=548&format=jpg)
– Kva gjev livet meining?
Kjell Bitustøyl er skribent, fagbokforfattar og fotograf. Oppvaksen i Rauland, busett i Bø sidan 1990. Har skifta yrke fleire gonger og fann vel eigentleg aldri heilt ut kva han ville bli. Men kultur og musikkformidling har vore ein raud tråd ved sida av naturopplevingar der fjell, reinsdyr og fuglar er favorittane. Det heile godt oppblanda med sosialt instinkt.
Nokre spørsmål er sjølvsagt altfor store for denne vesle spalta i denne vesle avisa. Likevel er alle menneske før eller seinare innom dette. Livet. Kva gjev meining? Opplagte svar er å vera i lag med og dele opplevingar med andre menneske, ha ein familie, sjå nye medmenneske koma til verda og oppleva at dei veks til. Oppleve kjærleiken. Og naturen rundt oss, det er vanskeleg å tenkje seg eit liv utan, oppleve skiftingane i vêr og vind, varme og kulde. Naturen tett på, fuglesongen, ljose netter og vår – eit av dei vakraste orda som finst! Og apropos ord som gjev meining nett no, eit nytt ord for håp: Syria!
Livets kontrastar, sorg og glede i menneskehugen. Og kunst og kultur, både som mottakar og som utøvar. Kjenne på meistringskjensle, det å skape noko som betyr noko for andre. Og ein annan menneskeleg eigenskap som mange av oss er svake for: Samle på ting, bøker eller foto eller traktorar, og gjerne systematisere, det kan òg gje meining, skape glede både for seg sjølv og andre. Men for mykje orden kan bli kjedeleg og føreseieleg. For samtidig med at me strevar med kaoskreftene i våre eigne liv, likar me (i alle fall nokre av oss) det som ikkje var planlagt, det som dukkar opp som lyn frå klar himmel. Eg høyrer for eksempel til ei utdøyande mennesketype som kan finne på å stikke innom vener utan å melde dette på førehand, passar det, så passar det, passar det ikkje, er det òg greitt.
Ja, vener og venskap, dei gjev livet meining, og nye folk ein kryssar vegen til. Der er eg av den enkle oppfatninga at nye personlegdomar dukkar opp heile tida, slik kan nokså unge folk stå fram med eit særpreg ein ikkje har sett før. Det er fint å vera i lag med jamaldringar, men for meg er det med alder av mindre betydning, finn ein fram til «sjelevener», er det viktigare.
Gjev det meining å skrive for skrivebordsskuffen? Eller gjev det meining å ta bilete som ingen ser? Ein filosofisk gjengangar er denne: Er blomen som blømer åleine uti skogen vakker, viss ingen ser han? Og gjev det meining å skrive i Bø blad, viss ingen les det? Eg trøystar meg med at i alle fall nokon har lese det eg har skrive dette året, beste attest fekk eg frå ei mor som fortalde at 16-åringen hennar las det eg skreiv kvar gong det stod på trykk i bladet. Det er slikt som ein skribent legg seg på minnet.
Heilt til sist, ein aforisme av Olav H. Hauge:
Einsemdi hev sin eigen hugnad. Men i
lengdi er det lite meining i å berre samla kunnskap.
Fyrst i samspel med andre menneske, kan ein verta
lukkeleg. Ein diamant tek fyrst til å skina i slipingi.
Takk for fylgjet!