FAST SPALTIST: Even Skårberg Aarnes er fast spaltist i Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark.

– Kva med å vere litt mindre arrogant, og heller meir audmjuk 

Publisert

Så er tida inne for eit aller siste sidesprang frå denna kanten. Ei glede har det vore, å få skrive i Bø blad kvar månad, om smått og stort, surt og søtt, skjemt og alvor.

Nokre gonger har orda nærast komme av seg sjølv, andre gonger har dei måtte blitt truga ut, ofte etter leveringsfristen, med dårleg samvit som pådrivar.

Og slik kan det vere med mykje. Ein vil helst vera frampå, forutsjå alt som kan komme av hindringar i vegen, enten i arbeidslivet eller familielivet. Ein legg ein plan for å komma vidare, og gnu på oppgåver ein ser fram til å legge bak seg. 

Fast spaltist: Even Skårberg Aarnes

Even Skårberg Aarnes er fruktbonde og familiemann, med kone og tre små barn. 

Han er busett på familiegarden på Aarnes, og har tidlegare vore journalist i NRK og jobba i Senterpartiet. 

Han er samfunnsengasjert, sportsinteressert og glad i skog og folk.

Men det er ikkje alltid planen ein legg stemmer med oppgåva ein har. Og det er ikkje alltid så lett å planlegge heller. Det er liksom forskjell på snogen som skal måkast, om det er minusgrader eller plussgrader.

Ting og føresetnader endrar seg, slik er det bare, men ofte har ting ein tendens til å gjenta seg sjølv. Det er her erfaring kjem inn i bildet. Dette noko uangripelege, som kan oppfattast arrogant og frustrerande i ungdommen, og som ein liksom ikkje kan konkurrere mot. Og som det er vrient å ta snarvegar for å oppnå, sjølv om dei finnast. Det heiter jo at om ein lærer av eigne feil, så er ein klok. Men om ein lærer av andres feil i tillegg, så er ein bortimot genial.

Og om ein kombinerer eiga og tillært erfaring med audmjukheit, kan ein komma langt. Truleg vert du oppfatta som eit ålreit menneske, og du kan bidra med det du veit for å bringe samfunnet framover. Om nokon spør om råd, så svarar du etter beste evne.

Eg skulle ønskje politikarane våre au kunne vere flinkare til dette. Frp prøvar, dei flyg høgt på målingane ved å vere imot omtrent alt dei gjennomførte da dei sjølv satt i regjering, men dei er ikkje særleg audmjuke. Alt er liksom alle andre sin feil, og slik er den politiske debatten i altfor stor grad – frå alle parti.

Eit ønskje for ordskiftet i 2025, eit valår i ei urolig tid, er derfor litt mindre teflonbelagte slagord, litt mindre arroganse og litt meir refleksjon og audmjukheit. 

På førehand takk, og takk for meg.

Powered by Labrador CMS