MEINING: Svenja Doreen Storøy.

Kven er eigentleg kommunen, eller "dei"?

Publisert

Når vi snakkar om "kommunen", kva meiner vi eigentleg? 

Er kommunen eit vagt omgrep, ein usynleg maktfaktor som tek avgjerder bak lukka dører? Eller er den kanskje ein spegel av oss sjølve, ein refleksjon av våre verdiar og prioriteringar? Kva er kommunen? 

Ja, kommunen kan også vere ein byråkratisk labyrint der gode intensjonar går tapt i papirmølla. Det er ein offentleg institusjon med nokså bratte hierarki, underlagt ei rekkje lover og reglar.

Men kommunen er også eit utførande organ, planmyndigheit, barnehagemyndigheit, for å nemne noko. 

Når vi snakkar om kommunen er det lett å falle inn i ein negativ spiral der "dei" blir ein usynleg fiende som ikkje gjer noko rett. Men kommunen er ikkje berre ei abstrakt eining; den er eit fellesskap av menneske som jobbar hardt for å forbetre kvardagen vår. Dei som sit eller spring i kommunehuset, på Bekkevoll, på Napastaa, i skulane, i barnehagane, på sjukeheimane og legekontora, er våre naboar, vener og kjende.

Ikkje gløym dette i dei heitaste debattane. Det er ingen fiende her, men derimot store økonomiske utfordringar som ikkje bør ignorerast. 

Gullbring, kontigentkassa, Mariposa, Skulesekken, Bø sjukeheim, leirskulen, Gvarv helsestasjon, Bø legesenter, Folkestad skule… kostnadene må ned. Samstundes veit vi at mangel på kvalifisert personell, eldrebølgja, naturkrisa, klimaendringar og ikkje minst ei endra verdsorden er eit faktum, også i Midt-Telemark kommune. 

Å møte desse utfordringane på ein god måte og vere førebudd kostar også. I vanskelege saker er det vanskeleg å vere 100 prosent sikker. Å vite nøyaktig korleis framtida vil utarte seg er ikkje mogleg, men det tyder ikkje at ein ikkje skal vere budd. Nokon bør ta det ansvaret.

Powered by Labrador CMS