MEINING: Hildegunn Haugen

Kvifor er det å leggje ned Folkestad skule det beste for barna?

Publisert

Eg las i Bø blad torsdag 10. oktober at forslaget til ny skuleordning er klart. 

Artikkelen handla om forslag til ny skulestruktur, og at administrasjonen i Midt-Telemark kommune foreslår å legge ned Folkestad skule. 

Har kommunaldirektør Per Dehli drukna i lønningsposen sin, og dermed mista gangsynet sitt når det gjeld nedlegging av Folkestad skule, ein skule som har svært verdifulle naturområde? Kvifor skal ungane tråkke på hard asfalt når dei har unike leike- og læringsområde i flott natur rundt seg? 

Eg meiner at mange ungar har større læringspotensiale når dei har gode uteområde rundt seg og ikkje ein altfor stor skule å gå på. 

Eg vil derfor gjerne be om ei grunngjeving av følgjande sitat frå Dehli i artikkelen:

"– Dette alternativet blir sett på som det beste for barna."

Altså: Å leggje ned Folkestad skule er det beste for barna. 

Kvifor er dette det beste alternativet for barna? 

Det kan gjerne både kommunedirektøren og dei tilsette i oppvekstadministrasjonen som har jobba med forslaget opplyse oss innbyggjarar om, helst i eit svar i lokalavisa så snart som muleg.

Powered by Labrador CMS