Sidesprang:

– Kvifor er me så slitne?
Meir enn nokon gong ligg alt til rette for at me kan leve enkle og behagelege liv, likevel har langtidsfråværet i Noreg aldri vore høgare.
Ein artikkel frå nav.no frå 2024 seier at «Sidan 2019 har sjukefråvær på grunn av psykiske lidingar auka med 44 prosent. Blant desse var det særleg diagnosen psykiske plager, inkludert utbrentheit, som auka mest.»
I ein artikkel publisert på psykologisk.no i fjor, uttaler psykiater Gunvor Launes at: «slitenheit er den nye folkesjukdommen.»
Me lever altså i ei stressande tid. For å handtere dette har me funne nye løysingar. Me har klokker og helseappar som loggar trening, puls, pust og kor mykje «kroppsbatteri» me har igjen til dagens gjeremål. Me les bøker som «kvilekuren» og «frå stress til ro på 10 dagar», og landet rundt har treningssenter fulle timar som «Aroma Relax» og «Stress Relief».
I Midt-Telemark har me liknande tilbod, for eksempel «mediyoga», der roleg pust, mjuke rørsler og kvile utgjer ein stor del. Ikkje sei dette til nokon, men eg deltek ofte sjølv.
Men det er eit paradoks. Eg slepp nemleg å 1) vaske kleda til heile familien min i elva 2) stå opp tidleg for å mjølke kyr 3) jakte når eg er svolten eller 4) sale opp hesten når eg skal på reise. Eg har oppvaskmaskin òg.
Så, kvifor i alle dagar er me så slitne?
Dette er sjølvsagt eit samansett problem, og eg er korkje lege eller forskar, men eg trur noko av grunnen er det internett kallar for «evolutionary mismatch». På norsk, noko a la «evolusjonær ubalanse»?
Me menneske er altså biologisk utvikla for eit enklare liv. Hovuda våre er ikkje skapte for den enorme og stadige kognitive overbelastninga me vert utsette, og utset oss sjølve for.
Me pleide å bu i holer! Nå scrollar me, vel forsikringsselskap, ser ein serie på Netflix, får varsel om e-post, snappar og notifikasjonar, høyrer på podcast og les nyheiter. Mange gonger samtidig.
Med dette meiner eg ikkje å seie at alt var betre før, men eg slår eit slag for noko bestefaren min er god til: sove middag og sjå ut av vindauget.