MEINING: Marianne Løvlund.

– La Folkestad skule leve

Publisert

Skulen gir liv og helse til ungane våre. 

Dei får utvikle seg på ein naturleg måte, i nærkontakt med vakker natur, slik at dei både fysisk og psykisk får vekse opp så friske som muleg.

Ungane våre er det mest verdifulle me har. Dei er framtida. Å investere i at dei skal få bli sunne, friske vaksne, er også å investere i vår eiga framtid. Og dette vil lønne seg stort også økonomisk. Dei blir ein positiv ressurs for samfunnet, og ikkje ei økonomisk belastning på grunn av psykiske og fysiske skader.

Å få vekse opp i eit oversiktleg nærmiljø gir tryggleik, som igjen gir god grobunn for læring. I eit mindre miljø med god arealplass er det også lettare å oppdage tendensar til mobbing, slik at ein får tatt tak i dette.

Desse verdiane, som Folkestad skule representerer, er av det aller finaste me har her i Bø. Me må vite å verdsetta det og verne om dei.

Å få sjå og høyre ungane på Folkestad skule leike og kose seg i det fine skogsområdet her er ein verdi eg har eit sterkt ønske om å få fortsette å oppleve.

Gje ungane og dei tilsette ro og tryggleik ved å la dei få vite at Folkestad skule skal få leve - på den trygge morenegrunnen skulen er bygd på.

Powered by Labrador CMS