MEINING: Bård I. Freberg

– Me blir manipulert av matbutikkane

Publisert Sist oppdatert

Det siste året har eg merka meg at det er vanskelegare å skilja ut dei produkta som er på tilbod og prisane på dei ymse produkta, særleg dei som er frosne. 

Nokre av butikkane her i bygda synest eg er veldig unøyaktige, og prislappane som er monterte peikar ikkje på det produktet me som kundar kjøper. Skal ein vera sikker på at prisen stemmer med produktet, må ein faktisk lesa siffera i lita skrift på strekkoden. 

Problemet ligg i det at når me kjem i kassa er folk ofte stressa, og orkar ikkje krangle på ein pris ein har misoppfatta. Eg har mange gonger tatt kontakt med dei tilsette i butikkane, og det vanlege svaret er at "me beklagar" og "det skal me ordne opp i". 

Til og med ein dag såg eg pølselomper som hadde haldbarheit langt ut i 2025! Då eg spurde ein av dei tilsette, beklaga ho det og sa dei hadde gløymt å merka produkta. Haldbarheita var i frossen tilstand, men no var dei jo opptint! 

Eit anna døme er stadige tilbod om "3 for 2". Ofte står tilbodslappen upresist, slik at me misoppfattar kva for produkt som eigentleg er på tilbod. Den same leksa gjentek seg i kassa: Me orkar ikkje krangle, me vil heim til middag. 

Eg meiner at denne "slurvinga" frå butikkane si side er ein uting, og det er sikkert ikkje berre eit problem her i bygda. 

Me som forbrukarar blir oppfatta som kveg som berre følgjer straumen! Det gjer ikkje eg! Eg stiller spørsmål til dei tilsette om prisar og tilbod, og "plagar" dei så mykje eg kan! Eg oppmodar fleire til det same. Matprisane er høge nok for oss som dei er, om me ikkje i tillegg skal lurast!

Powered by Labrador CMS