MEINING: Borgar Kaasa, leiar i Midt-Telemark Senterparti

- Me er bekymra for den aukande bruken av narkotika

Høyringsfråsegn til NOU 2024: 12 - Håndheving av mindre narkotikaovertredelser frå Midt-Telemark Senterparti

Midt-Telemark Senterparti er uroa over den aukande narkotikabruken vi opplever, og kva tyding dette vil ha for våre unge og for samfunnet. Noreg er på tredjeplass i Europa når det gjeld kokainbruk blant unge. Ei fersk undersøking gjennomført i heile EU viser at 4,2 prosent av nordmenn mellom 15 og 34 år har brukt kokain det siste året. Det er like mange som i Danmark og litt færre enn i Irland og Nederland. Dette gir Noreg ein pallplass på den europeiske kokaintoppen. Slik kan vi ikkje ha det.

Her i Midt-Telemark kommune har vi fått informasjon frå både universitet, vidaregåande, politi og ungdomen sjølv om ein auka bruk av narkotika, særleg kokain.

Riksadvokaten har kome med endra retningslinjer for politiet. Dette endra kva verkemiddel politiet kunne bruke i arbeidet med å førebyggje bruk, sal og distribusjon av narkotika. Vi ser i etterkant at resultatet er at bruken aukar, beslaga aukar og aktiviteten til kriminelle nettverk breier seg ut i Noreg.

Midt-Telemark Senterparti meiner at politiet har ei sentral rolle i å førebyggje og stoppe bruk og sal av narkotika. Nyleg vart det lagt fram ei ekspertutgreiing som føreslår å tydeleggjere i lova at all omgang med narkotika er forboden, og at politiet skal ha verkemiddel til å beslagleggje, ransake og stoppe bruk og sal av narkotika. Dette støttar vi i Midt-Telemark Senterparti, og ber regjeringa leggje fram eit lovforslag som gir politiet nye verkemiddel i kampen mot narkotika.

Powered by Labrador CMS